Fornebu/Årdal: – Me er stolte over at me vann og det var flott å vinna, seier Rune Breidvik, sjef for karbonfabrikken på Hydro på Årdalstangen.
Karbonverket i Årdal var ein av to nominerte til å vinna Hydro sin «prestasjonspris», den andre nominerte var Hydro Energi på landsbasis.
– Eg er stolt over kva me har fått til, frå operatørar til ingeniørar og til dei som jobbar med PMT (primær metallteknologi), seier Breidvik.
Han forklarar at alle arbeidarane på verket har jobba målretta saman med å koma opp med betringar i produksjonen og at leiing og arbeidarar alle har drege i same retning saman.
– Det at me no vinn prisen er eit godt prov på at det me har jobba med har vore rett. So det var ei fantastisk kjensle å få prisen, seier Breidvik.
Tre heidersprisar
På dei årlege toppmøta til Hydro vert det kvart år delt ut ein heiderspris når møtet går mot slutten.
Prisen heiter Konsernsjefens pris og forgreinar seg i tre kategoriar: Konsernsjefens prestasjonspris, Konsernsjefens innovasjonspris og Konsernsjefens HMS-pris. HMS står for helse, miljø og tryggleik.
– Dei sit att med mindre restskrap enn tidlegare og har klart å redusera utsleppa. Og dei har reduserte energikostnader og reduserte faste kostnader elles. Samstundes har dei klart å auka produksjonskapasiteten monaleg, seier sjef ved Hydro sitt verk i Årdal, Wenche Eldegard.
Ho ser prestasjonsprisen som eit prov på at det målretta arbeidet dei har lagt ned har gjeve avkastning.
– Eg er svært stolt over det medarbeidarane i karbonavdelinga har fått til, legg ho til.
Trivselen på jobb hadde attpåtil auka jamført med i fjor
Hydro opplyser i pressemeldinga at føremålet med prisen er å heidra dei beste prestasjonane i selskapet og soleis motivera dei tilsette til å halda fram med å gjera framifrå arbeid.
I skrivet som grunngjev kvifor Årdal metallverk fortener å vinna prestasjonsprisen, nemnde kornserleiaren dei same faktorane som dei ovan nemnde av Wenche Eldegard.
Men han la vekt på endå ein faktor:
I den interne medarbeidarundersøkinga hadde det kome fram at karbonavdelinga i Årdal ikkje berre leverte betre, billigare, meir miljøvenleg og meir effektivt. Oppi alt treivst medarbeidarane betre enn før òg.