Lærdal: – Idrettslaget har ikkje noko vane til å utnemne æresmedlemmar, seier leiar i laget Hallvard Thomassen.
Sist det blei utnemnd ein æresmedlem i Lærdal Idretslag var i 2010, den gangen var det Per Hauge som fekk æra.
Thomassen fortel at Øyri har fått æresmedlemskapen på grunn av utrøytteleg arbeid for skeisesporten i Lærdal. Han påpeiker at det særleg gjeld det store engasjementet for å aktivisere dei unge.

– Håper eg har same gnisten
– Han er fortsatt aktiv på bana, både med å instruere og aktivere andre, men også for å legga forholda til rette for andre kan komme på bana, seier Finn Hauge som er leiar i skeisegruppa.
I år har det vore mykje aktivitet på isen i Lærdal. Men sjølv når det ikkje er is deltek Øyri aktivt med rulleskeisetrening.
– Eg håper at eg har den same gnisten som Øyri har når eg er på hans alder, seier Hauge.