GJEV PRIS: Karl Seglem frå Årdal og Thea Hjelmeland frå Førde tok imot Kardemommestipendet frå Turi Egner Olderheim.
GJEV PRIS: Karl Seglem frå Årdal og Thea Hjelmeland frå Førde tok imot Kardemommestipendet frå Turi Egner Olderheim. (Foto: Christoffer Krook)

Karl Seglem fekk gjev komponistpris

Prisen vart delt ut av dottera til Kardemommeby-skaparen.

Oslo: Karl Seglem frå Årdal og Thea Hjelmeland frå Førde vart tysdag kåra til vinnarar av Kardemommestipendet. Prisen vart delt ut av Turi Egner Olderheim, dottera til Thorbjørn Egner, på Cosmopolite Scene i Oslo.  

Kardemommestipendet er ei gåve frå Egner-familien til komponistar og tekstforfattarar som har utmerka seg det siste året, og blir delt ut av NOPA, Norsk forening for komponistar og tekstforfattarar. Seglem og Hjelmeland fekk ein Egner-diplom kvar og 100.000 på deling.

– Tusen takk til Egner-familien som forvaltar arven etter ein stor norsk kunstnar slik at det kjem nye generasjonar til gode, seier Seglem i ei pressemelding.

Fekk skryt frå juryen

Juryen lot seg mellom anna imponera av den rike produksjonen til Seglem, og evna til å fornya folkemusikktradisjonen.

– Han er ein pioner på feltet sitt, og er stadig på jakt etter nye musikalske vegar å utforska, skriv juryen i grunngjevinga.

Tidlegare vinnarar er mellom anna Jan Eggum, Lillebjørn Nilsen og Kari Bremnes.

Til toppen