STRÅLANDE KRITIKK: I år er det 30 år sidan Karl Seglem byrja som frilansmusikar, komponist og poet. Det vert markert med eit trippel albumutgjeving, som har har fått strålande tilbakemeldingar. Foto: Oddleiv Apneseth.
STRÅLANDE KRITIKK: I år er det 30 år sidan Karl Seglem byrja som frilansmusikar, komponist og poet. Det vert markert med eit trippel albumutgjeving, som har har fått strålande tilbakemeldingar. Foto: Oddleiv Apneseth. (Oddleiv Apneseth)

Karl Seglem planlegg ein retur til røtene i folkemusikken

 Men først skal årdølen ha eit knippe avsluttande konsertar med den noverande besetninga, den eine i Sogndal.

Sogndal: Neste onsdag i Sogndal blir ein av dei siste konsertane du kan få oppleva Karl Seglem og jazzkvartetten han har jobba med dei siste sju-åtte åra. No er han klar for nye utfordringar og ein retur til røtene i folkemusikken.

– Det kjennest bra og riktig. Med dei tre studioalbuma me har laga, så føler eg at eg har fått gjort veldig mykje av det eg hadde tenkt då me starta ein klassisk jazzkvartett. Og me har fått fantastisk respons, seier Seglem.

Skryt av intimscena i Sogndal

Blaoboxen i Sogndal kulturhus har medvite etablert seg som eit alternativ til den meir rocka scena på Meieriet. Her står lyttinga i sentrum, noko Seglem veit å setta pris på.

– Det trengst slike scener òg i Indre Sogn, så det blir veldig kjekt å komma til Sogndal att. Me fekk ei fin oppleving der sist, det er eit lydhøyrt publikum og eit fint rom å spela i. Eg håpar det kjem mykje folk og at me får til noko fint på onsdag òg, seier Seglem.

Når me ringer er han i Berlin for å jobba. Årdølen har ei kunstnarleiligheit han reiser til når han treng tid til å berre konsentrera seg om musikken og dei andre prosjekta han har gåande.

– Det er utruleg deileg å berre ha veldig lange arbeidsdagar, seier Seglem om bobla han er inne i for tida.

Har allereie planar for 2019

Og det er ikkje reint lite han på plakaten. Ei ny diktsamling skal ferdigstillast før jul. I februar skal han stå på riksscena med heilt nye musikarar og nye arrangement av bukkhornlåtane han er kjent for. Våren vil mest gå med til øving og skaping av ny musikk.

Til sommaren vil han prøva å få booka eit godt knippe festivalkonsertar, før han neste haust skal gje ut plate med world jazzsekstetten han skal konsentrera seg om framover. Så blir det å turnera i Europa i oktober og november med den. Sjølv 2019 har han byrja å legga planar for.

– Eg prøver å tenka meir langsiktig enn før. Det er lurt, for i Europa og verda bookar dei veldig tidleg, seier Seglem

Nytt kapittel

Men først skal han altså avslutta ein epoke i musikklivet med eit knippe konsertar, den eine i Sogndal. Sjølv om han vil jobba vidare med dei same musikarane, føler han det er tid for å ta pause frå den klassiske jazzkvartetten.

– Eg trur det blir greit. Eg er stolt av det me har gjort og dei tre platene blir ståande som noko fint i karriera, i allefall for meg. Eg har fått vist at eg har eit stort spekter som jazzmusikar. No gler meg veldig til å gjera dei siste konsertane i år med kvartetten, seier Seglem.

Til toppen