URFRAMFØRING: Komponist, saksofonist og bukkehornist Karl Seglem urframfører saman med ensemblet sitt verket Tindr i Oslo fredag. Fjellhyllinga er tinga til Fjellsportfestivalen i Sogndal neste år. Foto: Ina Eirin Eliassen.
URFRAMFØRING: Komponist, saksofonist og bukkehornist Karl Seglem urframfører saman med ensemblet sitt verket Tindr i Oslo fredag. Fjellhyllinga er tinga til Fjellsportfestivalen i Sogndal neste år. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Karl Seglem urframfører fjellmusikk

Fredag 12. februar urframfører Karl Seglem det nye verket sitt Tindr på Riksscenen i Oslo.

Årdal: – Det er jazz, det er world, det er folk, og til tider ganske rocka, seier komponisten sjølv om det fjellinspirerte verket.

Tindr er eigentleg tinga til Fjellsportfestivalen i Sogndal neste år, men får med støtte frå Kulturrådet, Det norske komponistfondet og Fond for utøvande kunstnarar ein elddåp i eit meir urbant landskap kommande helg.

Med seg på urframføringa har Seglem Sigrid Terese Moldestad, Sissel Morken Gullord, Håkon Høgemo, Andreas Ulvo, Lars Jakob Rudjord, Sigurd Hole og Kåre Opheim. Ensemblet er det same han hadde med seg på tingingsverket Som spor på Vossa Jazz i 2012.

– Eg har aldri lagt skjul på at naturen er ei hovudinspirasjonskjelde for meg, og eg har eit mål om å høyrleggjera det også i denne konserten, seier Seglem.

Karl Seglem feira i fjor tjueårsjubileum som artist med trippelutgivinga JazzBukkBox og turnering både i Noreg, Tyskland og Belgia. Til sommaren skal han mellom anna gjeste Festspillene i Bergen etter enda ein turnérunde i Tyskland i vår. (©NPK)

Til toppen