OMSTRIDD: Der pila peikar mot er det omstridde området. Teikning: Cubus/Porten.no
meiningar
OMSTRIDD: Der pila peikar mot er det omstridde området. Teikning: Cubus/Porten.no (Foto: Cubus)
meiningar

Kart og terreng på Håbakken

Simas Næring AS treng så stort areal at eksisterande areal på Håbakken er for lite, og me må sjå på andre areal. Difor er det sett i gang ein regulerings-planprosess som også omfattar vestleg del av Håbakken, skriv rådmann i Lærdal, Alf Olsen

Me ser av leiaren til Sogn Avis laurdag 24. sept og lesarinnlegg frå Bente Hauge laurdag 1. oktober at det er ein del mistydingar kring prosess bak og innhald i dei planar som ligg føre på Håbakken. 

Arealet i Håbakken vart utvida gjennom vedtak av Kommunedelplan Ljøsne-Tønjum i kommunestyret 20.10. 2011. Dette var siste møte i kommunestyret før nytt kommunestyre tok over i november 2011. 

MISTYDING: Rådmann Alf Olsen jr.i Lærdal skriv at det er ein del mistydingar kring prosess bak og innhald i dei planar som ligg føre på Håbakken. Arkiv
MISTYDING: Rådmann Alf Olsen jr.i Lærdal skriv at det er ein del mistydingar kring prosess bak og innhald i dei planar som ligg føre på Håbakken. Arkiv

Før vedtak vart gjort var det ein omfattande prosess med synfaringar og folkemøte der alle fekk informasjon og kunne komme med innspel. Arbeidet hadde si eiga arbeidsgruppe som møtte m.a. Sjøvold og informerte om ei muleg utviding. Både Sjøvold og Natvik kom med innspel i den offentlege høyringsprosessen, til liks med mange andre.  I vedtaket frå eit samla kommunestyre, vart det stilt krav om at andre areal skulle utnyttast før jordbruksarealet kunne byggast ut. 

Hauge peikar på at det ligg føre eit kart i mulegheitsstudien som viser at det er Lærdal kommune som eig vestleg del av Håbakken. Det er flott at Hauge gjer oss merksam på dette. Diverre er det ein feil på kartet i mulegheitsstudien, som no er retta opp, men i teksten som det vert referert til er det rett. Der står det «området vest består av gårsbruk i privat eie». 

Poenget med mulegheitsstudien var å skissera ein heilskapleg og langsiktig plan for utvikling av Håbakken med tanke på næringsetableringar.  Muligheitsstudien har danna grunnlaget for deler av det arealet som inngår i det pågåande reguleringsplanarbeidet.

SIMAS næring sitt prosjekt føl arbeidsmetodikken for omstillingsprogrammet i Lærdal og Årdal. Det vert fyrst jobba med ideen gjennom ein såkalla forstudie – er ideen god og er det grunnlag for å realisere han? Er svaret ja, avklarar me korleis dette kan realiserast gjennom eit forprosjekt. I dette ligg mellom anna vurderingar av teknologi, marknader, finansiering og plassering m.m. Der er me no. Neste steg er sjølve hovudprosjektet. Det kan gjenomførast dersom alle brikkar fell på plass i høve finansiering, areal, teknologi, marknadsutsikter. Heile vegen vert det jobba for å redusere alle usikre faktorar som måtte ligge i prosjektet slik at føresetnadene for å lukkast vert best mulege. 

SIMAS Næring AS har sendt ein førespurnad om å få etablere seg i Lærdal. Planane vart presenterte til kommunestyret i eit lukka møte 23.06.2016. Simas Næring AS treng så stort areal at eksisterande areal på Håbakken er for lite, og me må sjå på andre areal. Difor er det sett i gang ein regulerings-planprosess som også omfattar vestleg del av Håbakken. 

Grunneigarar vart inviterte til eigne individuelle informasjonsmøte 16.08.2016.

Til toppen