NATURBASERT REISELIV: – Vi har lyst til å hente inn ny kunnskap om dei mange små og mellomstore reiselivsbedriftene som kanskje ikkje elles kjem så godt fram i offentleg reiselivsstatistikk, seier Stian Stensland, som er forskar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, NMBU. Foto: Camilla Skjær Brugrand (Arkiv).
NATURBASERT REISELIV: – Vi har lyst til å hente inn ny kunnskap om dei mange små og mellomstore reiselivsbedriftene som kanskje ikkje elles kjem så godt fram i offentleg reiselivsstatistikk, seier Stian Stensland, som er forskar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, NMBU. Foto: Camilla Skjær Brugrand (Arkiv). (Foto: Arkiv)

Kartlegg det naturbaserte reiselivet

Det finst over 2.000 naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg. No skal forskarar finne ut meir om kva desse har å tilby og kva dei treng for å utvikle seg.

Indre Sogn: I desse dagar får dei rundt 2.000 naturbaserte reiselivsverksemdene i Noreg tilsendt ei spørjeundersøking der dei blir bedne om å svare på alt frå kva dei tilbyr til kva motivasjonen deira er for å drive med det dei gjer.

– Vi har lyst til å hente inn ny kunnskap om dei mange små og mellomstore reiselivsbedriftene som kanskje ikkje elles kjem så godt fram i offentleg reiselivsstatistikk, seier Stian Stensland, som er forskar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, NMBU.

I 2013 blei ei tilsvarande undersøking sendt ut, og forskarane er no spente på å sjå korleis reiselivet har utvikla seg dei siste fire åra, og kva slags nye bedrifter som har dukka opp sidan sist.

Undersøkinga blir gjort av NMBU i samarbeid med både Innovasjon Noreg, Norges Bondelag, Den Norske Turistforening, NHO Reiseliv og Hanen, som er organisasjonen for bygdeturisme.

Mål og berekraft

Tilbodet av kommersielle naturaktivitetar og opplevingar aukar stadig, og ofte er det små aktørar i distrikta som kjem på bana.

– Ny kunnskap og statistikk om dei som tilbyr naturbaserte aktivitetar er viktig for å lage gode rammevilkår og få auka merksemd rundt denne delen av reiselivet, forklarer Stian Stensland.

Saman med forskarkollegaane skal han no hente inn og tolke denne kunnskapen, så blir det opp til andre å bruke informasjonen til å utvikle næringa vidare. Eitt av spørsmåla i undersøkinga handlar om korleis bedriftene brukar naturen når dei lagar aktivitetstilbod til turistane og kor medvitne dei er om berekraft. Eit anna går på kva målsetjingar folk har for verksemda si.

For å bli rekna som ei naturbasert reiselivsbedrift, held det ikkje berre å leige ut ei hytte eller berre å selje fiske- og jaktkort. Men dersom ein kombinerer hytteutleiga med ein aktivitet i naturen mot betaling, som jakt, fiske eller båtutleige, blir verksemda definert som ei naturbasert reiselivsbedrift.

(©NPK)

Til toppen