Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått pengar frå Kartverket for å gjennomføre denne kartlegginga. Bakgrunnen for arbeidet er visjonen i den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – nemleg fysisk aktivitet for alle.
Parkering og tilkomst
Kartlegginga tek føre seg blant anna:
- om det er oppmerka handikap-parkeringsplassar nær skiheis og varmestove
- om det er tilkomst inn i bygget for rullestol
- kva breidde er det for påstiging i heisen
- korleis avstigingspunktet er lagt til rette for til dømes sit ski-utstyr
– Dette er viktig for at alle skal kjenne seg tekne i vare i anlegga. Dersom utforminga av anlegga ikkje svarer til krav til universell utforming, vil det bli gitt ein merknad i rapporten med ønske om utbetring av dette, seier prosjektleiar Jo Tore Kristoffersen i ei pressemelding.
Einaste i landet
Målet til fylkeskommunen er at skianlegga i fylket skal tilfredstille behova til alle brukarar – den tradisjonelle skituristen og både funksjonsfriske alpinutøvarar og alpinutøvarar med nedsett funksjonsevne.
– Vi er glad for at fylkeskommunen har fått statleg støtte til dette kartleggingsarbeidet, og ser på det som eit viktig arbeid for å gjere anlegg for fysisk aktivitet tilgjengelege for alle, seier Erlend Haugen Herstad, leiar i fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne.
Han trur kartleggingsarbeidet vil vere eit verkemiddel til at alle skianlegga i fylket ser nærare på tilgjenge for menneske som treng tilrettelegging for å kunne delta.
Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen i landet som utfører denne typen kartlegging. Desse fire skianlegga er prioriterte fordi dei er godkjende til å søkje om spelemidlar, noko som krev ein høgdeskilnad på 100 meter.
Kartlegginga av tilgjenge i skianlegg er del to av kartlegginga av universell utforming og tilgjenge i friluftsområde.