KARTLEGGING: Kommunane i Sogn og Fjordane er bedne om å delta på ei kartlegging av moglege stader flyktningar, migrantar og asylsøkarar kan innkvarterast. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
KARTLEGGING: Kommunane i Sogn og Fjordane er bedne om å delta på ei kartlegging av moglege stader flyktningar, migrantar og asylsøkarar kan innkvarterast. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Kartlegger innkvarteringsstader for flyktningar

Fylkesmannen ber kommunane kartlegge moglege plassar som flyktningar, migrantar og asylsøkarar kan nytte.

Årdal/Lærdal: Fylkesmannen har fått i oppdrag å kartlegge moglege innkvarteringsstader i Sogn og Fjordane, med tanke på å kunne nytte desse til migrantar, flyktningar og asylsøkjarar.

Det var direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som førre veke sendte ut eit brev til fylkesmennene i landet, der dei vart bedne om å kartlegge stader i sitt fylke. 

Utlendingsdirektoratet (UDI) ønskjer særleg å få oversyn over lokale med tanke på kortsiktig bruk.

Les også: Avdem (SV): – Me har eit ansvar

Allereie måndag denne veka skulle fylkesmannen gje tilbakemelding om lokale og stader dei allereie hadde kunnskap om, og komande fredag skal ei meir omfattande kartlegging sendast inn.

Utfordrande situasjon

Denne meir omfattande kartlegginga inkluderer kommunane, som er bedne om å delta i kartlegginga. 

– Me vil oppmode folk som har lokale som kan eigne seg for dette føremålet, eller kjenner til slike, om å kontakte kommunen. Det er viktig å få registrert aktuelle stader i kartlegginga.  

– Me står føre ein utfordrande situasjon både nasjonalt og internasjonalt, og det er viktig at alle tek inn over seg statsministeren si oppmoding om å gjere ein dugnadsinnsats, skriv fylkesmannen på si nettside.

Til toppen