Kartleggjer kva område som er best eigna for turisme

Kartleggjer kva område som er best eigna for turisme

Kva område kan ta imot fleire turistar? Kva område må ein kutte ned på talet på besøkande?

Det er spørsmål Hanne Lykkja ønskjer å få svar på under eit ope møte på rådhuset i Lærdal torsdag kveld. Lykkja er prosjektleiar for eit prosjekt kalla Berekraftig besøksforsvaltning. 

Dette er eit fellesprosjekt mellom verdsarvkommunane i Nærøyfjorden og Geirangerfjorden som inkluderer Lærdal, Aurland, Voss, Vik, Stranda og Norddal. 

Gjennom opne møte og dialog med dei som bur nær områda eller i innfallsportane ønskjer dei å finne ein balanse mellom å ta vare på viktige verneverdiar, gje dei besøkande gode opplevingar og auke den lokale verdiskapinga.

– Alle som bur nær områda eller innfallsportane til verdsarvområda er spesielt velkomne. Men dette dreier seg om å sjå bygdene og heilskapen i samfunnsutviklinga. Så alle som bur og jobbar her kan få nytte av den langsiktige planlegginga og forvaltning, fortel Lykkja.

– Det er snakk om å kartleggje kva for område folk ynskjer å få meir besøk, mindre besøk, av turistar og andre gjester. Me ønskjer også å høyre om kva for attraksjonar som folk i bygdene veit om – og som kanskje kunne vore utvikla meir, eller kanskje dei treng å takast vare på betre?
 

Til toppen