Kartleggjer skadane i Lærdal etter flaumen

I morgontimane onsdag var Teknisk etat i Lærdal kommune i full sving med å få kontroll over flaumen sine øydeleggingar.

– Forelaupig er ingen av dei kommunale bruene skada, men det er nokre stengde vegar, fortel oppsynsmann Søren Ørbeck Mo til Porten.no.

Han reknar med at dei fleste vegane vil opne i laupet av dagen.

Måtte evakuera

Lærdal kommune har hatt fleire utfordringar etter at flaumen herja som verst natt til onsdag. På kort tid steig vasstanden, og mange sideelvar flaumde over. Dette gjorde sitt til at fleire av innbyggjarane på Ljøsne, Tønjum og i Erdal måtte evakuerast inntil vidare. 

I laupet av natta har vasstanden sunke ein del, og fleire av dei evakuerte er på veg heim. Teknisk etat er i gong med å kartleggje skadane og reknar med at mykje vil bli gjort i laupet av dagen.

– Det kom mykje skog ned Tynjadalen, som medførte til oppdemningar langs elva, fortel Ørbeck Mo. Han legg til at dei dirfor måtte gjere ein del tiltak.

Ved Øyabrui pressa dette på brua, og gravemaskina løyste det opp etterkvart, slik at det ikkje blei demningar. 

Mo legg til at dei foreløpig har kontroll på dei fleste kommunale vegane, men at det òg er ein del private vegar som har fått store øydeleggjingar.  

Fryktar nye utfordringar

Sjølv om det i forkant var kome flaumvarsel, var det egentleg ikkje flaumen som var den største utfordringa. 

- Det at vassmassane byrjar å grave, og det fell tre ned i elvane, gjer at det blir skred, og vatnet stoppar opp. Det blir så mykje vatn at elva tek nytt løp og flaumer over. 

Mo er glad for at vassmassane no har stablisert seg, og at dei har fått kontroll over situasjonen. Til helga er det på nytt meldt om store nedbørsmengder, som kan by på fleire utfordringar.  

– Det spørs korleis vêret blir framover. No er det kjøligare. men det er meldt mildvêr til helga. Det som er spørsmålet no, er om det blir same utfordringa då.

Til toppen