BRANN: Mannen bak denne gjerninga har no fått bot på 6 000kr. Foto: Truls Grane Sylvarnes
BRANN: Mannen bak denne gjerninga har no fått bot på 6 000kr. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Kasta kinaputt inn i lastebil

Tidlegare i år fekk ein mann i 20-åra erfare at kinaputtar ikkje berre er uskuldig moro.

15.mai i år kasta ein mann i 20-åra ein antent kinaputt inn i førarhuset til ein lastebil i Øvre Årdal.

Etter smellen byrja det å brenne i førarhuset og det var lite brannvesenet kunne gjere då dei kom til staden. Då dei fekk kontroll på flammane og sløkt dei, var førarhuset heilt utbrend.

Nrk Sogn og Fjordane skriv i kveld at gjerningsmannen no har godteke ei bot på 6 000kr etter hendinga i mai.

Til toppen