Lærdal: Petter «Katastrofe» Kristiansen (26) er den siste artisten som skal spele på Jordeplerock festivalen i Lærdal sommaren 2016.
– Me gler oss enormt til å få besøk av Katastrofe under årets
Jordeplerock, seier Torgeir Skjerdal frå Jordeplerock.
Les også: Krydrar årets Jordeplerock med kortreiste artistar
Feststemning
Arrangørane kjenner seg veldig heldige som kan annonsere Kristiansen som den siste artisten som skal komme til Lærdal i sommar.
– Me gleda oss til han skal spre musikkglede og god feststemning på laurdagskvelden saman med Eirik Sognnes, Sandra Lyng og Kjartan Lauritzen, seier Skjerdal.
Les også: Lokal rap klar for Jordeplerock
Årets miks består av trønderrock, bergens-rap, country, pop-musikk frå
Sandra, og skikkelig festmusikk og "happy rap" frå Katastrofe.
– Det vert ein god variasjon av musikksjangrar og på lokale eller kjende musikarar. I år har me musikk som passar for absolutt alle, seier Skjerdal.
Toppen av kransekaka
– Katastrofe er toppen av kransekaka, og set finishen på line-upen vår i
år, som me er strålande nøgde med. Det er noko med den kombinasjonen av
musikarar og musikksjangrar me er ekstra nøgde med i år, seier Skjerdal.
Les også: Har seld billettar i rekordfart
Katastrofe er, på linje med DDE og Sandra Lyng, enormt profilert i heile
landet. Har har kome med nye singlar i år, blant andre den siste singelen
"Sangen Du Hater" som fekk rundt ein million avspelingar på berre 6 dagar.
Les også: Jordeplerock har landa storfisk
– Det er jo heilt uruleg - og det seier litt om kor mange som likar musikken.
No ligg han på førsteplass på Norges-listene på Spotify over mest
streama og avspelte låter, og då fortsår me jo kor heldige me er som
får han til Jordeplerock, seier Skjerdal.
Russelåt
– Dessutan reknar eg med musikken hans blir spelt mykje framover i russetida, og ellers på festar, noko som gjer han svært aktuell, seier Skjerdal.
Les også: No er dei klare med ny artist
Billettane går raskt unna, så det er lurt å sikre seg billett på førehand. I tillegg er det mogleg å kjøpa billett til busstransport på førehand.
Les også: Pop-idolet Sandra Lyng kjem til Jordeplerock
– Me er foreløpig veldig nøgd med førehandssalet, og det ser ut til å bli eit strålande
år, avsluttar Skjerdal.