UROA: Marianne Vee Hellebø oppdaga denne katten langt oppe bakkane over Øvre Årdal. No håper ho dei blir fanga og får seg ein nye heim. Foto: privat.
UROA: Marianne Vee Hellebø oppdaga denne katten langt oppe bakkane over Øvre Årdal. No håper ho dei blir fanga og får seg ein nye heim. Foto: privat. (Bilde: Privat)

Kattemysterium 400 meter over havet: – Her måtte eg gjere noko

Fleire personar har observert kattar ved vegen som går opp mot den populære turvegen 1000-meteren i Årdal. No jobbar kattevenar for å berge dei.

Årdal: Marianne Vee Hellebø var på veg heim på frå ferie då ho plutseleg såg noko svart i grøfta i svingane over Øvre Årdal. 

– Eg ropte til mannen min at han måtte stoppa og eg hoppa ut av bilen. Eg tenkte eg ville prøva å få lokka han til meg, men det greidde eg ikkje, han var for skeptisk, seier Vee Hellebø.

– Dei har det ikkje noko godt

Korleis katten har hamna der, om det er villkatt eller nokon som har dumpa han før ferien, har ho ikkje noko formeining om. Men det var tungt å svelge då ho skjønte at ho måtte etterlate den skye ungkatten.

– Eg hadde bringeverk for han tidlegare i dag, så eg tenkte at her måtte eg gjera noko.

Ho kom i kontakt med Dyrevernlaget Indre Sogn og der fekk ho høyre at fleire årdøler har meldt om kattar i området.

– Eg håpar nokon får tak i dei og at dei kan omplasserast, for dei har ikkje det noko godt oppe i der, seier Vee Hellebø.

Ber om hjelp frå årdøler

 

Randi Aarethun i Dyrevernlaget Indre Sogn stadfester at dei har fått inn fleire meldingar frå uroa kattevener. Heller ikkje ho har nokon sikker teori om kva som kan ha skjedd, men seier nokon har meint å vite at katten har ein eigar.

– Uansett greier ikkje eg å sova godt om natta før eg finner det ut, seier Aarethun.

Ho seier planen er å sette opp mat og feller og få kattane omplasserte dersom det blir fangst. Men då treng ho hjelp frå årdølene.

– Me må ha nokon til å sjekka fellene fleire gongar om dagen, det har me ikkje kapasitet til. Og så er fosterheimar heilt klin umogleg å få tak i. Du kan grina og du kan be på dine kne, men det er få som kan hjelpa. Då er eg like langt, seier Aarethun.

Sommar er høgsesong for dumping

Ho seier kattane ganske sikkert har det ganske utriveleg utan mat og ly, og såpass høgt til fjells. Og sjølv om den endelege forklaringa på mysteriet ikkje er kjend, meiner ho det er eit godt høve til å minne folk om å sterilisere, kastrere og id-merke kattane sine. 

– Viss ikkje, så blir det slik som dette, seier Aarethun.

Samstundes er det ei kjensgjerning at sommaren er høgsesong for at folk forlet kattane sine. 

– Det er heilt utruleg med enkelte kor lite kjæledyra er verdt når dei skal noko sjølv. Det er stappande fullt hos dyrebeskyttelsen over heile landet, seier Aarethun.

Til toppen