Katten tergar sauen – så skjer dette

Klippet til Rune Venes i Fardal i Sogndal er allereie sett over 100 000 gonger.

Fardal: – Det var like før katten tok over fjøsvaka, men han fekk diverre sparken av sauene ser det ut til, seier Rune Venes.

Midt under sauelamminga kom Venes ned til fjøsen, der han fann katten balanserande på rekkverke.

– Det skjedde om natta medan eg venta i fjøsen under saualamminga no. Katten var alt i fjøsen då eg kom ned, han var sikkert på jakt etter mus, seier Venes.

Sjå hendinga som Rune Venes fanga på film øvst i artikkelen.

Nonsjalant som dei fleste kattar, ser det ut til at pusen har god kontroll på lamminga i starten, men etter kvart går katten lei av sauestirren og deler ut nokre få slag med poten. 

Sauene blir litt vel pågåande slik at katten byrjar å fresa. Etter nokre klask til med poten seinare snur katten ryggen til. Då grip sauen sjansen han er tildelt.

Før ein veit ord av det byks sauen fram og stangar katten ned med skallen. Den svarte pusen piler avgarde og innser kjapt at han ikkje fekk jobben som lammevakt. 

Til dei som lurte på korleis det gjekk med pusekatten, kan Venes forsikre:

– Det gjekk bra med katten.

Til toppen