1-1: Ylinn Tennebø og Kaupanger sikra uavgjort mot Nanset i dagens kamp mot Nanset.
1-1: Ylinn Tennebø og Kaupanger sikra uavgjort mot Nanset i dagens kamp mot Nanset. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Kaupanger berga uavgjort på overtid

Det gjekk mot årets første tap for grøntrøyene. Men då kampen bikka full tid dukka Åshild Haugen opp og fekk pirka inn utlikninga.

Kaupanger-Nanset: 1-1 (0-0)

– Eg var eigentleg sikker på at me skulle tapa, så å greia å putta den var fantastisk godt, seier målskårar Åshild Haugen, etter å berga eitt poeng for heimelaget på overtid.

– Me spelar ikkje den beste kampen vår i dag. Men å få eitt poeng på slutten her var veldig deilig seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

Mållaust etter tam førsteomgang

Det vart ein jamnspelt førsteomgang i vårsola på Kaupanger stadion. Begge lag sleit med å styra spelet, men det var heimelaget som hadde dei største sjansane.

Kaupanger-Nanset:1-1

Turnering: 1. divisjon

Arena: Kaupanger stadion
Dommar: Jostein Christian Haugland (Haugen IL)

Gule kort, Kaupanger: 

Mål:

0-1: Hedda Haugene (76.)
1-1: Åshild Haugen (91.)

Kaupanger: 

1. Linn-Mari Nilsen
5. Henriette Jagedal
6. Åshild Hereid Haugen
7. Ingrid Lovise Jåstad (Gloppen 86.)
14. Jannike Orrestad Andersen
8. Marie Ruud Pettersen
10. Silje Torvanger (k)
11. Ylinn Tennebø
24. Karianne Kvam Gurvin (Willumsen 73.)
32. Tea Berteig
9. Miriam Vilnes Mjåset

Benk:

12. Ingeborg Romstad Osland
13. Marta Dalaker
15. Stine Gjerde
16. Anna Sandvik Gloppen
17. Lea Vindelev Willumsen
28. Andrea Henjesand
29. Siv Reagen Hickman

Nærast var Henriette Jagedal som heada eit frispark like utanfor etter knappe 25 minutt.

Laga gjekk til pause på stillinga 0-0.

Eit kvarter ut i 2. omgang jubla bortelaget for skåring. Dommaren var heldigvis vaken, annulerte målet og gav i tillegg gult kort for hands.

Fem minutt seinare var Miriam Mjåset på raid framover då ho vart ulovleg stoppa. Frå farleg hald skaut Tea Berteig frisparket rett i muren.

Berga poenget på overtid

Ein halvtime ut i omgangen kom høgreback Ingrid Jåstad stormande framover på kanten, men innlegget sklei akkurat forbi spydspiss Mjåset.

Like etter fekk Kaupanger ein skikkeleg kalddusj. Nanset-spiss Hedda Haugene fekk ballen i farleg område, og dunka ballen i krysset frå tjue meter.

Like før slutt fekk Kaupanger ein enorm sjanse til å utlikna. Silje Torvanger fekk vendt opp på seks meter, men skotet vart fista ut til hjørnespark.

Den resulterte i ein ny stor sjanse. Etter litt klabb og babb enda ballen i beina til Åshild Haugen, som fekk tuppa inn utlikninga frå kloss hald.

Trenaren nøgd med poengsankinga

Dermed berga ho det eine poenget, og sørga for at Kaupanger framleis står utan tap etter opprykket.

SLITEKAMP: Foto:  Halvor Farsund Storvik

– Det var rett og slett ein elendig kamp. Me presterer under pari, og heng ikkje saman verken offensivt eller defensivt. Dei vinn alle duellar og hadde diverre fortent alle tre poenga, seier Haugen etter kampen.

– Sånn som me spelar i dag, så er det ikkje bra nok.

Trenar Lindesteg Rinde er einig i oppsummeringa, men glad for at dei no står med fem poeng på tre kampar.

– Dei kjempa oss ut i stilen, og har ikkje den roen med ball som me brukar å ha. Men me har tru på det me gjer, og skal stå på vidare, seier han.

Til toppen