FEKK REVANSJ: Kaupanger vann over gjestane frå Årdal 2-1, og fekk soleis revansj for 4-3 tapet i vår.
FEKK REVANSJ: Kaupanger vann over gjestane frå Årdal 2-1, og fekk soleis revansj for 4-3 tapet i vår. (Foto: Bjarte Ramstad)

Kaupanger fekk revansj mot årdølene i eit heitt lokaloppgjer

– Det var ein knokkelkamp frå start til slutt, seier Ørjan Hjellhaug, trenar for Kaupanger IL.

Kaupanger - Årdal 2-1

Det var to vinnarlystne lag som trappa opp til kamp på Kvednushaugadn då Kaupanger tok i mot Årdal fredag kveld. Vertane var spesielt lystne på revansj.

– Det var ein knokkelkamp frå start til slutt. Det var høg temperatur og mykje duellar og ein del skader, seier Ørjan Hjellhaug, trenar for KIL.

Hjellhaug: – På vinnarsporet

Kaupanger gjekk i leiinga etter 31. minutt med mål frå Kim Andre Stokke. I 70.minutt skåra Severin Knutson Halland og heimelaget leia 2-0. Årdal fekk mål i sluttminuttane, og stillinga vart 2-1.

– Eg er meget nøgd med tre poeng i dag. Me har jo tapt tre kampar på rad, så det var godt å koma opp att på vinnarsporet, seier Hjellhaug. 

Ifølgje KIL-trenaren var det godt å få revansj over årdølene, men at han ikkje vil sjå kampen om att. 

– Det var ikkje noko god kamp frå noko side, det var mykje tut og køyr. Det var ikkje noko fint spel i kampen i dag, det var mykje lange ballar, seier han. 

Han skryt av forsvarspelet og trekk fram kveldens kaptein Rune Vatnamot Åberge: 

– Me var defensivt trygge og me har nokre stopparar som tek alt og laga pasninga. I kveld hadde me ein kaptein som sprang enormt mykje og la ned ein solid innsats, sjølv om resten av laget spring òg, så var det nokre som sprang meir. 

Årdal trenar: – Uheldig forsvar

Ivan øy, trenar for Årdal, seier det ikkje gjekk vegen for årdølene.

– All honnør til Kaupanger for deira innsats. Det gjekk ikkje vår veg i dag, seier han. 

Ifølgje Øy la årdølene trykk på Kaupanger i andre omgang. 

– Det vart litt att og fram. Før 2-0 målet var forsvarspelarane uheldige då dei skulle klarere og Edvin Hestetun fekk seg ein kjempestrekk og blei liggande. Han greide ikkje å ta ballen og der kom ein Kaupanger spelar og sette enkelt i 2-0.

Etter skåringa la årdølene seg litt på hælane.

– Me prøvde å kontra oss fram mot utlikning, men den kom ikkje før på overtid.

Lag KIL: Sondre Stadheim Hille, Allan Højmark Jørgensen, Eirik Hellebust Menes, Øystein Riksjeim Østvik, Rune Stenehjem, Rune Vatnamot Åberge, Severin Knutson Halland, Kim Andre Dyrdal Stokke, Sigurd Sigurd Stenehjem, Sindre Rørvik.

Innbyttarar: Christopher Skjær Brugrand, Håvard Takle Sanden, Markus Wefring Osen, Henrik Selvåg, Ole Gunnar Teigen Volle, Torjus Halsne. 

Lag ÅFK: Sivert Larsson, Ørjan Skilbrei, Per Einvald Aspevik, Brede Stedje Ylvisåker, Stian Laberg, Nicolai Laberg, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Terje Kvam Øvstetun, Marius Loftheim, Joachim Furset, Christian Stedje, Anders Lereng. 

Innbyttarar: Elias, Furseth Moen, Espen Vigdal Rudi, Andreas Resaland, Edvin Hestetun. 

Til toppen