TØFF MOTSTAND: Kaupangerspiss Miriam Mjåseth kjempar om ballen i kampen mot Fortuna Ålesund. Til slutt vart det tap 0-3. Foto: Vegeir Kjærstad.
TØFF MOTSTAND: Kaupangerspiss Miriam Mjåseth kjempar om ballen i kampen mot Fortuna Ålesund. Til slutt vart det tap 0-3. Foto: Vegeir Kjærstad.

Kaupanger fekk testa forma mot topp motstand

Det vart tre strake tap i eliteturneringa, men trenar Øystein Lindesteg Rinde tykkjer han har fått gode svar.

Oslo: På laurdag tapte Kaupanger 0-3 mot Fortuna Ålesund og 1-4 mot Byåsen. I dag, søndag, vart det 0-4 mot Lyn.

– Me var der for å læra, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde, og legg til at dei har mange nye spelarar i troppen som treng å lære nivået.

TOLMODIG: – Det er i april det tel, når serien startar, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.
TOLMODIG: – Det er i april det tel, når serien startar, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

– Samstundes blir det litt i overkant å spela to kampar på nitti minutt i løpet av nokre få timar laurdagen, men vi gjorde det beste ut av det, seier han.

Les også: Fleire talent frå fylket uttekne på landslaget
Les også: Får med seg Kaldestad og Hjellhaug

Sju damelag deltok i år i den knallharde oppkøyringsturneringa Lyn Cup. Frå 1. divisjon stilte Byåsen, Grei, Amazon Grimstad og Lyn, medan 2. divisjon var representert ved Raufoss, Kaupanger og Fortuna Ålesund.

– Me slepp inn for lette mål, men scorar ikkje på sjansane me har sjølve. Der ser me litt nivåforskjell samanlikna med dei andre laga, seier Lindesteg Rinde.

Trenaren meiner dei har fått god uttelling av hovudstadsbesøket, sjølv med tre strake tap. Kampane har vore ei god førebuing på dei tøffe bortekampane som ventar i andredivisjon. 

– Mot god motstand må du strekka deg og finna løysingar på korleis du forsvarar deg best mogleg. Pluss at den sosiale biten er veldig viktig. Det er mykje positivt å ta med seg, sjølv om vi tapar fotballkampar. Det er i april det tel, når serien startar, seier Lindesteg Rinde.

Til toppen