USTOPPLEGE: Kaupanger har fått sving på sakene etter den poengfattige sesongstarten. No leiar dei serien når det står att to kampar.
USTOPPLEGE: Kaupanger har fått sving på sakene etter den poengfattige sesongstarten. No leiar dei serien når det står att to kampar.

Kaupanger har no elleve sigrar på rad

Men dei må truleg halde fram vinnarrekka for å sikre kvalifisering.

Etter ein trøblete første halvdel av sesongen har Kaupanger no elleve sigrar på rad. Målforskjellen i dei same kampane er smått utrulege 45-3.

I helga vart Haugar offeret i ein overbevisande 3-0 siger på bortebane.

– Me har gjort det godt lenge, så det er ikkje overraskande. Men det er kjekt når det går bra, seier ein sjølvsikker trenar, Øystein Lindesteg Rinde.

Les også: Kretsen og Kaupanger inngår utviklingsavtale

Tidenes sigersrekke

Etter fire poeng på dei første fem kampane såg det mørkt ut for opprykksambisjonane.

Men derifrå og ut har Kaupanger vore sjølve definisjonen av suverene.

– Det såg veldig mørkt ut, men du må alltid ha trua og det hadde me, seier Rinde om snuoperasjonen.

To rundar før slutt leiar dei no avdelinga. Blir dei ståande at som vinnarar må dei ut i kvalifisering med tre andre lag i kampen om opprykket til 1. divisjon. 

Går mot dramatisk seriefinale

I siste seriekamp møter dei Hinna, som no ligg som nummer to på tabellen.

–  Det blir ein cupfinale det, mest sannsynleg. Men vi slo dei 5-0 heime, så vi har full tru på at vi kan ta dei borte òg, seier Rinde. 

Først ut ventar Arna/Bjørnar 2 på heimebane. Vinn dei den, held det med uavgjort i seriefinalen. 

– Eg håpar det kjem masse folk på kampen, at folk møter opp og støttar laget , seier Rinde.

Til toppen