Kaupanger: Avtalen er verd 300.000, og kjem i boks drøye to veker før 1. divisjon blir sparka i gang.
– Å klara å balansa breidde og topp hadde ikkje vore mogleg utan gode samarbeidspartnerar slik Toyota Sogn er og har vore, seier leiar i Kaupanger Fotball, Trine Lerum Hjellhaug, i ei pressemelding.
Ho viser til at Kaupanger er eit lite idrettslag, men at dei likevel har vore flaggskipet på damesida i fylket og levert spelarar til toppserieklubbar og landslag i alle år.
Langvarig samarbeid
Dei to har samarbeidd sidan damefotballen starta opp på Kaupanger på midten av 1980-talet. I 2020 vil Toyota Sogn ha vore sponsor i 35 år.
– Det har vore eit samarbeid som har vore tufta på gjensidig respekt og tillit. Begge ynskjer me å bidra til utvikling av det samfunnet me er ein del av, seier dagleg leiar Tor Arne Ness i Toyota Sogn.