PERFEKT START: J18-laget til Kaupanger har kome godt ut av startblokkene med ein 4-1 sigeren i opningskampen av Gothia Cup. Fleire av dei var med å vinne Dana Cup i fjor, no går dei for ein ny tittel.
PERFEKT START: J18-laget til Kaupanger har kome godt ut av startblokkene med ein 4-1 sigeren i opningskampen av Gothia Cup. Fleire av dei var med å vinne Dana Cup i fjor, no går dei for ein ny tittel. (Bilde: Kaupanger IL)

Kaupanger herjar i verdas største fotballturnering

– Me reiser for å vinna med begge lag, seier trenaren etter kalassiffer i dei to første kampane.

Göteborg: Kaupanger stiller med to lag i årets Gothia Cup i Sverige, J16 og J18. Begge fekk ein perfekt start på turneringa med henhaldsvis 4-0 og 4-1 sigrar mot svensk motstand i dag.

– Me reiser for å vinna med begge lag, seier Øystein Lindesteg Rinde, som trenar J18-laget under turneringa, medan Roger Hjellhaug er trenar for J16.

GÅR FOR FINALE: J16-laget til Kaupanger er sett saman av talent frå heile fylket. Dei har knapt trent saman, men feia i dag over første motstandar i Gothia Cup.
GÅR FOR FINALE: J16-laget til Kaupanger er sett saman av talent frå heile fylket. Dei har knapt trent saman, men feia i dag over første motstandar i Gothia Cup. Foto: Kaupanger IL

J16-laget er sett saman av talent frå heile fylket, inkludert eit par spelarar frå Kaupanger. For J18-laget er formelen motsett, laget består av jenter frå Kaupanger, med to-tre spelarar utanfrå. 

– Det handlar om å bygga relasjonar med spelarar frå Sogn og Fjordane, spela kampar og få gode opplevingar i lag. Det er mange gode fotballspelarar frå fylket, det ser me i dag, seier Lindesteg Rinde med dei to storsigrane friskt i minne.

– Begge kampane dominerer me, skapar mange sjansar og kunne vunne meir. Men det viktigaste er å få ein god start og å få i gang alle spelarane, seier trenaren.

I fjor vart fem av spelarane som vann Dana Cup henta til klubben etter triumfen. Lindesteg Rinde utelukkar ikkje at det same vil skje, men seier dei først og fremst tenkjer langsiktig.

- Det hadde vore kjekt dèt, om me hadde klart å spora opp gode talent vi kan henta no. Men det skal mykje til for at det same skjer igjen, seier trenaren.

No ventar nye gruppespelskampar tysdag og onsdag, før det er sluttspel torsdag og forhåpentlegvis semifinale og finale fredag.

Til toppen