Kaupanger: Arrangementet starta med ponnyløp for barn før galoppløpa og travløpa skulle starta. Det var både galoppløp, travløp, varmblodsløp og kaldblodsløp i tillegg.
Sogn Travsamling har dei siste fire åra hatt tre hesteløp som har foregått i Kaupanger. Det vesle laget på rund 50 medlemmar har stelt i stand arrangementet i god tid på førehand og er særs nøgde med talmøtte og sjølve opplevinga.

Mange deltok
Det var mange hesteentusiastar som møtte opp måndag. Ikkje berre var det mange påmelde til løp, men også veldig mange tilskodarar.
– Detta var veldig kjekt. Me hadde ein utruleg bra speaker som var klar og tydeleg og skapte god stemning. Det var óg veldig masse folk som utan tvil bidrog til å halde stemninga oppe, seier Marianne Vikheim.
– Det var eit stort og fint arrangement med svært mange oppmøtte, det er alltid kjekt med litt publikum, seier ho.