OVERRASKA I PAUSEN: Kunderådgjevar for Sparebanken Sogn og Fjordane overrakte den gjeve sjekken på 200.000 kroner til klubbleiar Trine Lerum, til satsing på damefotballen.
OVERRASKA I PAUSEN: Kunderådgjevar for Sparebanken Sogn og Fjordane overrakte den gjeve sjekken på 200.000 kroner til klubbleiar Trine Lerum, til satsing på damefotballen. (Foto: Frå pressemelding)

Kaupanger IL fekk 200.000 kroner til damefotballen 

Kaupanger IL mottok laurdag 200.000 kroner i pengegåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, til satsinga på damefotballen, skriv dei i ei pressemelding.

Kaupanger: – Denne gåva betyr svært mykje og vi er glade for at de ser verdien av det arbeidet vi gjer for jente- og damefotballen i fylket. Vi skal bruke gåva til å videreutvikle dette arbeidet på best mogleg måte. Tusen takk, seier leiar for Kaupanger IL, Trine Lerum.

– Sidan 1985 har Kaupanger vore det leiande damelaget i fylket, og Kaupanger har utvikla eit kraftsentrum for satsing på damefotballen.Klubben ønskjer å vidareutvikle den sterke satsinga på damefotball, primært med spelarar frå eige fylke, seier banksjef for privatmarknad i Sogndal, Laila Ruud.

Til toppen