GRØNT MASKINERI: Desse jentene har mala alle motstandarar dei har møtt i senk. No er dei klare for kvartfinalen i Norway Cup.
GRØNT MASKINERI: Desse jentene har mala alle motstandarar dei har møtt i senk. No er dei klare for kvartfinalen i Norway Cup. (Foto: Kaupanger IL)

Kaupanger-jentene slo sør-koreanske «stjerner» – er vidare til kvarten

Dei starta treigt, men J17-laget til Kaupanger har verkeleg fått opp dampen i Norway Cup. No er dei åleine att frå Sogn i A-sluttspelet.

Oslo: Mål av Anna Myhre Nornes og Haleema Hamilton Frøiland sørga torsdag for at Kaupanger kan jubla for kvartfinale i Norway Cup. 

– Det var heilt fantastisk. Kjensla av å skåra og den gleda laget får er ikkje til å beskriva. Eg såg ikkje føre meg at me skulle nå så langt, seier Nornes, spissen som for det meste har spelt venstre kant denne turneringa. 

MÅLFARLIG DUO: Anna Myhre Nornes og Haleema Hamilton Frøiland sørga for måla då Kaupanger J17 avanserte til kvartfinalen i Norway Cup. Foto: Kaupanger IL

Les òg: Jentene frå Kaupanger med knallsterk debut på Norway Cup

Imponert trenar

I 1/8-delsfinalen torsdag møtte dei eit utanlandsk lag for første gong i turneringa. På motsett halvdel stod sør-koreanske Rising Star. 

– Me var spente på kor gode dei eigentleg var, for me visste ikkje så mykje om dei. Difor la me oss litt bak i starten for å sjekka. Etter kvart pressa me godt på og fekk to mål, oppsummerer Nornes.

Med to mål på kontoen gjekk dei tilbake til taktikken i starten. Laget la seg bakpå for å sikra sigeren. Det gjekk etter planen, men ikkje utan .

– Det var ein periode i andre omgang dei pressa oss ganske hardt, men eg tykkjer me var gode i forsvar, så me stod i mot, seier Nornes.

Lagleiar Kjell Ertesvåg er ikkje mindre imponert.

– Dette er over all forventning. Me spelar betre og betre for kvar kamp, og eg er imponert over den instillinga og laginnsatsen me viser. Me har mange målscorarar, og det er ein styrke. I tillegg er me potte tette bakover, så me har eit bra lag, seier Ertesvåg.

Imponerte i TV-kamp

Sigeren mot sørkoreansk motstand var ikkje det einaste høgdepunktet denne dagen. Kampen før var Kaupanger i rampelyset då dei slo Charlottenlund SK 4-1 i den TV 2-sende 1/16-delsfinalen. 

– Det var litt skummelt i starten, men du tenkte ikkje så mykje på det då du byrja å spela. Det var berre litt ekstra stas, spesielt når me vann og spelte såpass bra, seier Nornes om opplevinga.

Etter å ha spelt uavgjort i første kamp har Kaupanger verkeleg fått opp dampen. No ventar Herd i kvartfinalen.

– Eg veit faktisk ikkje nokon ting om dei. Det blir spanande å sjå, men me skal ta dei, seier Nornes.

Til toppen