GLAD GJENG: Avdelingsbankssjef Geir Henning Høyheim (i raud jakke) var på plass for å dele ut sjekken. 
GLAD GJENG: Avdelingsbankssjef Geir Henning Høyheim (i raud jakke) var på plass for å dele ut sjekken. 

Kaupanger jublar over pengegåve til klubbhuset

Eldsjelene på Kaupanger får drahjelp frå den lokale bankavdelinga.

Kaupanger: Torsdag fekk Kaupanger idrettslag overlevert ein sjekk på 150.000 kroner av Sparebanken Vest.

– Eg har visst om det ei lite stund og måtte halde stilt slik at det skulle bli ei overrasking for dei andre, seier Heidi-Kathrin Osland i Kaupanger idrettslag.

STADIG UTVIKLING: Heidi-Kathrin Osland og Bjarte Ramstad i Kaupanger idrettslag set stor pris på pengegåva.
STADIG UTVIKLING: Heidi-Kathrin Osland og Bjarte Ramstad i Kaupanger idrettslag set stor pris på pengegåva.

Les også: Dei har planen klar for stor idrettspark

Ho seier idrettslaget vil bruke pengane til inventar, møblar og utstyr til storstova i den påbygde delen av klubbhuset. For etter at dei i 2013 hadde fått laga garderobar som stetter krava til Toppserien, var det ikkje pengar att til å fullføre andreetasjen.

I det heile tatt har det vore strategien til idrettslaget: å gjere ting litt etter kvart og nesten alt på dugnad.

– Dette er noko mange har jobba i lag om. Då er vi og mange som deler gleda når vi får ei slik gåve, seier Osland.

I førre veke fekk idrettslaget òg godkjent eit lån frå kommunen på 2,3 millionar kroner, som dei får medan dei ventar på utbetaling av tippemidlar. Det vil føre idrettslaget enno eit steg vidare på vegen til å få eit fullverdig klubbhus, med oppvarming og ventilasjon, og som ellers er lagt til rette for aktiviteten dei skal drive.

– Det er nøkternt det vi gjer, men vi veldig glade for å få ordna former for spelarane våre og lagsarbeidet vi skal drive. Det betyr mykje, seier Osland.

TEK FORM: Klubbhuset til Kaupanger idrettslag vart på 90-talett sett saman av nokre gamle brakker frå Fosshaugne. I 2013 kom påbygget med garderobefasilitetar. No får òg andreetasje eit løft.
TEK FORM: Klubbhuset til Kaupanger idrettslag vart på 90-talett sett saman av nokre gamle brakker frå Fosshaugne. I 2013 kom påbygget med garderobefasilitetar. No får òg andreetasje eit løft.
Til toppen