UTFORDRINGAR I KØ: Kaupanger kunne jubla for opprykk etter haustens siger over Tromsdalen i kvalifiseringsgruppa. No ventar nye utfordringar i 1. divisjon og ikkje berre av det sportsele slaget.
UTFORDRINGAR I KØ: Kaupanger kunne jubla for opprykk etter haustens siger over Tromsdalen i kvalifiseringsgruppa. No ventar nye utfordringar i 1. divisjon og ikkje berre av det sportsele slaget. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Kaupanger må bu seg på å farta land og strand rundt etter opprykket

– Det ser me eigentleg berre fram til, seier trenaren.

Kaupanger: Opprykket til 1. divisjon fører ikkje berre til nye sportslege utfordringar for Kaupanger neste år. Reiseavstandane blir òg formidable når laget skal møta motstandarar heilt frå Grimstad i sør til Alta i nord.

REISEGLAD: Trenar Øystein Lindesteg Rinde har ikkje noko imot å reisa langt på kamp.
REISEGLAD: Trenar Øystein Lindesteg Rinde har ikkje noko imot å reisa langt på kamp. Foto: Øyvind Nondal

– Det blir veldig kjekt å reisa landet på kryss og tvers. Det blir litt meir fly, så reisetida blir kanskje ikkje så galen. Det ser me eigentleg berre fram til, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

Ei anna utfordring er kostnaden, men der forventar trenaren at dei med hjelp frå forbundet vil klara brasene utan å brekka ryggen.

– Men det er klart, me treng meir sponsorpengar og jobbar hardt for å få dei inn, så me kan satsa slik som me vil, seier Lindesteg Rinde.

Desse laga spelar i 1. divisjon i 2018

  • Kaupanger (nyopprykka frå 2. divisjon)
  • Medkila, Harstad (sisteplass i Toppserien)
  • Urædd, Porsgrunn (2. plass i fjor)*
  • Øvrevoll Hosle, Bærum (3. plass i fjor)
  • Byåsen KF, Trondheim (4. plass i fjor)
  • Bossekop, Alta (5. plass i fjor)
  • Åsane, Åsane (6. plass i fjor)
  • Fløya, Tromsø (7. plass i fjor)
  • Grei Kvinner Elite, Oslo (8. plass i fjor)
  • Amazon Grimstad, Grimstad (9. plass i fjor)
  • Fart, Hamar (10. plass i fjor)
  • Nanset, Larvik (nyopprykka frå 2. divisjon)

* Den 19.11 spelar Grand Bodø og Urædd for kvalifisering til Toppserien. Grand Bodø vann den første kampen 4-0, så mykje skal gå gale om dei ikkje sikrar den siste plassen i neste års Toppserie.

Han held Urædd og Medkila som dei naturlege favorittane. Bak dei er det to-tre lag som òg kan utfordra om dei øvste plassane.

– Dei beste laga er nok i ei klasse for seg sjølv, men ellers var dei fleste laga involverte i nedrykksstriden i fjor. Eg håper me kan vera jamt gode med dei fleste laga, slik at me ikkje blir hamnar nede i botn. For målet er å etablera oss, seier kaupangertrenaren.

– Men det er vanskeleg å vera spåmann. Mykje kjem an på som kjem inn og går ut i dei forskjellige klubbane.

At nyopprykka Bossekopp greidde ein femteplass tek trenaren som eit teikn på at det ikkje er umogleg å halda seg i divisjonen. Uansettt gjeld det å jobba hardt fram mot seriestart, for å vera best mogleg budde når fløyta går.

– Me byrja å planlegga neste sesong omtrent ti minutt etter at kampen mot Tromsdalen var over. Me føler at me er i rute, sjølv om det kan skje ting undervegs som me ikkje har kontroll over. Men me jobbar godt og håpar å vera klar til seriestart, seier Lindesteg Rinde.

Til toppen