I SKOTET: Kaupangerspiss Miriam Mjåseth skåra to i serieopninga og følgte opp med to nye nettkjenningar på eige kunstgras. Her rundar ho keeper og puttar det første mot Sandviken 2.
I SKOTET: Kaupangerspiss Miriam Mjåseth skåra to i serieopninga og følgte opp med to nye nettkjenningar på eige kunstgras. Her rundar ho keeper og puttar det første mot Sandviken 2.

Kaupanger med ny storsiger mot Sandviken 2

Kaupanger verkar ustoppelege i seriestarten.

Kaupanger-Sandviken 2: 4-0

– Oppkøyringa har vore litt kronglete, men me har alltid hatt trua på det me driv med. Me har køyrt på og det går nesten ikkje an å få det betre: seks, poeng, null baklengs og masse flotte mål, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde etter ein ny storsiger mot Sandviken 2.  

Kaupanger gjekk ut på bana for å forsvare serieleiinga etter 5-0 over Fana i første runde. Motstandaren stilte med fem-seks A-lagsspelarar, blant dei tidlegare kaupangerjente Marte Bjelde Hjelmhaug.

I den flotte vårsola var det heimelaget som hadde både spelet og sjansane. Ikkje minst var Miriam Mjåseth frisk på topp. Vel tjue minutt ut i kampen vart ho spelt fri, ho runda keeper og skåra kontrollert.

Kaupanger heldt fram å styre kampen, men måtte vente til fire minutt ut i andreomgang på mål nummer to ved Birte Øvsthus.

Tjue minutt seinare kom det første av dagens to klassemål. Miriam Mjåseth mottok ballen på rundt 25 meter, avanserte eit steg eller to og banka ballen i lengste hjørnet. Vakkert og fullstendig utagbart for keeper Ingvild Villa på Sandviken 2.

– Det føltest heilt fantastisk. Det er ikkje slike mål eg pleier å skåre heller, som regel er det åleine med keeper, eller etter innlegg. Men akkurat dette var berre heilt fantastisk, seier Mjåseth sjølv etter kampen.

Trenar Lindesteg Rinde er full av lovord om spissen.

– Det er heilt rått. Ho Miriam er ein unik målscorar, det såg me i fjor og det ser me i år igjen. Ho er veldig viktig for oss, men får i tillegg mange gode ballar av dei rundt ho, seier han.

Trass fem byter i andreomgang, fleire av dei debutantar for Kaupanger, var Sandviken 2 aldri i nærleiken av å true heimelaget. På overtid var det i staden dei grønkledde som gjorde audmjukinga komplett, då Rebekka Bergum Skaasheim klistra ballen i krysset med eit utsøkt skot frå distanse, dagens andre perlemål.

Med dagens 4-0 siger har Kaupanger fått ein perfekt start på serien: to kampar, seks poeng, ni mål og null baklengs.

– Vi hadde ikkje like god start i fjor. Eg har tru på at vi skal greie å halde oppe prestasjonane i kampane framover og forhåpentlegvis greie opprykk til førstedivisjon, seier tomålsscoraren.

Til toppen