Göteborg: Etter å ha sust gjennom gruppespelet og den første sluttspelskampen møtte begge Kaupanger-laga i dag veggen i åttandedelsfinalen av Gothia Cup. J18-laget tapte 0-3 mot svenske Eskilsminde.
J16-laget fekk det minst like tøft. Kaupingane stod før oppgjeret med fire strake sigrar og null baklengsmål, men i åttandedelsfinalen vart det tap 0-5 mot CCL Soccer Club.
– Det seier seg sjølv at det er bittert. Me ville vinna, men begge tapte mot betre lag. Då er det forsåvidt greitt, seier Øystein Lindesteg Rinde, som var trenar for J18-laget under turneringa.
Han meiner tremålstapet ikkje gir eit heilt rett inntrykk av styrkeforholdet mellom laga. Jentene måtte jage utlikning etter å ha kome under etter berre halvminuttet, dermed vart dei sårbare på kontringar.
– Det er slik i fotballen, av og til må du gambla, seier Lindesteg Rinde.
Les også: Kaupanger herjar i verdas største fotballturnering
J16-laget gjekk på ein skikkeleg smell, men óg her kunne ting sett annleis ut om marginane hadde spelt på lag, meiner trenaren.
– Me kunne ha leia 2-0 etter to minutt, men så renn dei inn andre vegen, vel og merke mot eit godt amerikansk lag, seier Lindesteg Rinde.
No skal dei bruke kvelden til å riste av seg skuffelsen. Uansett har dei fått med seg verdifull læring og masse inntrykk på heimreisa.
– Dei får om ikkje anna gode referansar mot internasjonal motstand. I tillegg er me fulle av gode opplevingar, både på og utanfor bana. Me må ta med oss det òg, seier trenaren.