SCORA TO: Miriam Vilnes Mjåset scora to då Kaupanger tok tre enormt viktige poeng i kampen om opprykk frå 2. divisjon.
SCORA TO: Miriam Vilnes Mjåset scora to då Kaupanger tok tre enormt viktige poeng i kampen om opprykk frå 2. divisjon. (Bilde: Øyvind Nondal)

Kaupanger sikra tre poeng og inntok tabelltoppen att

Miriam Vilnes Mjåset scora to då Kaupanger tok tre viktige poeng i opprykkskampen.

Kaupanger – Klepp 2 3-0

Kaupanger: Mjåset gav grøntrøyene ei tidleg leiing. Etter berre sju minuttar kunne heimelaget senke skuldrane litt då ho sette inn ein retur.

Ti minuttar ut i 2. omgang kom 2-0-scoringa på eit straffespark. Den var det Karianne Kvam Gurvin som sette i mål. Siste spiker i kista kom i det 82. minuttet. Igjen var Mjåset på rett plass og kunne heade inn ein komfortabel 3-0-siger.

Etter som dei største utfordrarane Haugar og Fyllingsdalen spelte 0-0 då dei møttest i går, betyr det at Kaupanger klatrar rett opp att på tabelltopp.

– Kampen i går var eit greitt resultat for oss. No har me sjansen, og vinn me mot Haugar neste helg, har me rista dei av oss. Her gjeld det å takla presset, seier Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde. 

Damene har no berre eitt poengs leiing i toppen på Fyllingsdalen, medan Haugar følgjer like bak med to poeng opp. No er det nettopp Haugar og Fyllingsdalen som er motstandar for Kaupanger i sesongens to siste rundar. Med andre ord – to cupfinalar i vente.

– Det er jo det, så det blir spennande. Og viss me tre laga rotar det til, kan Bryne koma opp også sidan dei har det desidert lettaste kampprogrammet. Her er det mange ulike scenario som kan utspela seg, seier trenaren.

– Kva blir viktig no inn mot dei neste kampane?

– Det blir å takla presset og forventningane og trøkket det blir. Alle laga vil vinna, og då gjeld å få fram kvalitetane våre. Me må stå samla og backa kvarandre opp slik me gjorde i dag. Eg har god tru på dette.

Til toppen