KAN SMILE: Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde kan glise for nok ein siger etter at dei snudde og vann mot Vestsiden-Askøy måndag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KAN SMILE: Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde kan glise for nok ein siger etter at dei snudde og vann mot Vestsiden-Askøy måndag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kaupanger stormar vidare – snudde til siger

– Det handlar om å ha tru på kvalitetane sine og nok ro med ball, seier Øystein Lindesteg Rinde.

Kaupanger: Kaupanger-trenaren var naturlegvis godt nøgd med laget sitt etter at dei snudde og avgjorde i sluttminuttane måndag mot Vestsiden-Askøy. 

Gjestane frå Sogn kom tidleg under etter berre fire minutt spelt i det som var ein kamp med mykje duellar og mykje stopp i spelet. 

Men i det 69. minuttet kom utlikninga ved Miriam Vilnes Mjåseth. Kaupanger-damene dominerte 2. omgang fullstendig og fekk til slutt resultat. I det 86. minuttet vart Vårin Ness bytt inn. Eitt minutt etter avgjorde ho kampen då ho sette inn 2-1.

– Coaching i verdsklasse?

– Utan tvil, smiler Lindesteg Rinde.

Lært av fjoråret

Han er godt nøgd med at laget hand beheldt roen og hadde tru på eigne ferdigheiter til siste sekund. 

– Det var ein tøff motstandar på ei tøff bane, så dette var ein sterk siger, seier han vidare.

Sigeren betyr at Kaupanger festar grepet om 1. plassen med seks sigrar på dei sju første rundane denne sesongen. Laget har no 19 poeng, to meir enn Fyllingsdalen på 2. plass. 

– Me har litt større tropp i år og toler fråvær betre. I dag har me ein kjempebenk med mange store og sterke namn og gode fotballspelarar. Me lot 14 spelarar vera att heime, så då kan du tenkja deg sjølv. Me har masse å ta av, trenar godt og er ein fin gjeng. I tillegg spelar me bra fotball.

Til toppen