OVERLEGEN SIGER: Med støtta frå heile 435 tilskodarar på tribunene tok Kaupanger ein overbevisande 5-1 siger mot Arna/Bjørnar 2. 
OVERLEGEN SIGER: Med støtta frå heile 435 tilskodarar på tribunene tok Kaupanger ein overbevisande 5-1 siger mot Arna/Bjørnar 2. 

Kaupanger stråla for fulle tribuner

Folkefesten enda i kalassiger for heimelaget, som no har berre eitt hinder igjen før dei har sikra seg kvalifisering om opprykket.

Kaupanger-Arna/Bjørnar 2: 5-1

Det vart ein knusande siger for heimelaget. I strålande haustsol og med ei fullpakka tribune tok dei kommandoen frå start. Kampens beste spelar Ylinn Tennebø ser allereie fram til serifinalen mot Hinna i siste serierunde.

– Det blir spanande, eg gler meg, seier ho.

Både ho og trenar Øystein Lindesteg Rinde takkar støtta frå heimepublikummet, som hadde møtt opp i hopetal til den avgjerande opprykkskampen. Heile 435 tilskodarar var på plass for å heie fram heimeyndlingane.

– Det er ei utruleg mobilisering. Det set både me som trenarar og spelarane utruleg stor pris på at det kjem så mykje folk. All ære til lokalsamfunnet og alle som kjem og ser på oss. Det er heilt fantastisk, seier Rinde.

Les også: Kaupanger har no elleve sigrar på rad

JUBEL: Midtstoppar Andrea Hopen (med ryggen til) jublar med lagvenninene etter å ha gitt heimelaget leiinga 2-0 drøye ti minutt ut i kampen.
JUBEL: Midtstoppar Andrea Hopen (med ryggen til) jublar med lagvenninene etter å ha gitt heimelaget leiinga 2-0 drøye ti minutt ut i kampen.

Tok leiinga på direkten

Allereie etter drøye ti minutt hadde Kaupanger putta to gongar ved Birthe Øvsthus og Andrea Hopen.

Resten av omgangen var det berre eitt lag på bana. Bortelaget Arna/Bjørnar 2 kom seg knapt nok over midtbana, langt mindre til sjansar.

NØGD: Trenar Øystein Lindesteg Rinde og Kaupanger fekk lite motstand mot Arna/Bjørnar i dag. I siste runde ventar opprykksrival Hinna på bortebane.
NØGD: Trenar Øystein Lindesteg Rinde og Kaupanger fekk lite motstand mot Arna/Bjørnar i dag. I siste runde ventar opprykksrival Hinna på bortebane.

– Me byrja bra og angreip dei på alle tenkjelege måtar. Så er me gode på dødballar i tillegg og då blir me vanskelege å stoppa. Eg trur ikkje Arna/Bjørnar fann heilt ut av det, seier trenar Rinde.

Andre omgang starta på same vis, om enn med noko meir ballinnehav til bortelaget. Etter 65 minutt kom Arna/Bjørnar på den første halvfarlege visitten i kampen, men keeper Linn-Mari Nilsen var kjapt ute og fekk avverga. To minutt seinare var bortelaget på farten igjen, men avslutninga gjekk ufarleg til side for mål.

Etter 74 minutt var Kaupanger nære på å gå opp til 3-0. Midstoppar Andrea Hopen var oppe på eit hjørnespark, men headinga sklei nokre centimeter utanfor den lengste stolpen.

Målrik andreomgang

Minuttet seinare vart Miriam Vilnes Mjåseth spelt fint igjennom av Ylinn Tennebø. Spissen sende ballen kontant i nettet til 3-0. Ikkje lenge etter auka Kristin Dvergedal til 4-0 etter ei flott kontring.

Fem minutt før slutt fekk Arna/Bjørnar sitt einaste trøstemål. Eit langt innlegg vart feilberegna av keeper Linn-Mari Nilsen og ballen forsvann mellom hanskane hennar og inn i det tomme buret. Heilt på tampen gjekk Kaupanger opp til 5-1 ved Synnøve Skaasheim, etter flott forarbeid av Ylinn Tennebø. 

– Eg følte det gjekk heilt greitt. Eg var litt sliten i dag, men eg er nøgd, seier den beskjedne assistdronninga sjølv om innsatsen, som gav ho tittelen dagens kauping av juryen i speakerbua.

Trenar Rinde kan konstantere at berre eitt hinder står att før dei må ut i kvalifiseringsspel om opprykket. Hinna blir ei hard nøtt på bortebane, men det held med uavgjort.

– Det er ein viktig kamp, men vi skal gjere akkurat det same som vi har gjort til no: lade opp med gode treningar og berre «gønna» på når me kjem ned der. Vi slo dei 5-0 heim og kan ta dei borte òg, seier han.

Til toppen