TAPTE SERIEFINALEN: Alt Kaupanger trengte var uavgjort eller siger mot Hinna, men i staden slapp dei inn to og mista sjansen til å spele om opprykk på målstreken. Foto: Kaupanger Fotball.
TAPTE SERIEFINALEN: Alt Kaupanger trengte var uavgjort eller siger mot Hinna, men i staden slapp dei inn to og mista sjansen til å spele om opprykk på målstreken. Foto: Kaupanger Fotball.

Kaupanger tapte seriefinalen: – Det er bittert

Etter å ha gått 16 kampar utan å tapa, trengte Kaupanger «berre» å klare minst uavgjort i seriefinalen mot Hinna. Det klarte dei ikkje.

Hinna – Kaupanger 2-0

Siste serierunde. Kaupanger ligg på 1. plass med eitt poeng ned til serietoar Hinna. Med uavgjort eller siger ville ein plass i kvalifiseringa til 1. divisjon vere sikra. 

I staden tok Hinna leiinga tidleg i kampen. 2-0. Kaupanger klarte aldri å reise seg etter det. No ventar ein ny sesong i 2. divisjon.

– Me har gjort ein god sesong uansett, men det er klart det er bittert å tape den siste seriekampen, seier ein skuffa Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde til Porten.no etter kampen. 

– Dei scorar på eit hjørnespark dei aldri skulle hatt. Ballen skrur inn i mål. 2-0 kjem etter ein lang ball der keeper går ut og bommar. To kjappe, då blir det tungt.

Artikkelen held fram under biletet.

FANSKARE: Ikkje ein god fansskaren som hade tatt turen heile vegen frå Sogn klarte å hjelpe Kaupanger til siger.
FANSKARE: Ikkje ein god fansskaren som hade tatt turen heile vegen frå Sogn klarte å hjelpe Kaupanger til siger.

– Spelarane har det tungt

Kaupanger-damene hadde gått 16 kampar utan å tape fram til i dag. Rinde seier dagens vertar var tøffare i duellspelet og ville veldig mykje. Til sjuande og sist var det velfortent, seier han, sjølv om Kaupanger hadde ein i stolpen i 2. omgang.

– Spelarane har det tungt, og det er ikkje god stemning. Me har det tungt alle saman, me har jobba for dette i heile år, seier trenaren, som ikkje vil skulde på at han har eit ungt lag med lite rutine.

– Mål pregar kampar, og me kjem på etterskot og må jage. Ein kan heller tenkja tilbake på vårsesongen, der me tapar mange unaudsynte poeng på grunn av mange ulike årsaker. 

 

Til toppen