INGEN KRISE: Trass tre kampar utan siger, leiar Kaupanger-damene avdelinga si med to poeng ned til Haugar. Difor er det ikkje snakk om nokon krise i leiren, seier Øystein Lindesteg Rinde.
INGEN KRISE: Trass tre kampar utan siger, leiar Kaupanger-damene avdelinga si med to poeng ned til Haugar. Difor er det ikkje snakk om nokon krise i leiren, seier Øystein Lindesteg Rinde. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Kaupanger-trenaren etter tre poengtap: – Må bli betre på siste tredjedel

Siktar mot å snu formen mot Førde onsdag kveld.

Kaupanger: Eitt poeng på dei tre siste kampane er fasiten til Kaupanger. I alle kampane har motstandaren vore frå nedre halvdelen av tabellen. Ikkje godt nok, er konklusjonen til Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde.

– Dette er kampar me bør vinna. Me har vore det beste laget i alle desse kampane, dominert banespelet og hatt mange sjansar, men me scorar ikkje nok mål og blir kontra på, seier han.

Trass poengtapa tronar Kaupanger-damene framleis øvst på tabellen. Difor er det ikkje snakk om krise i Kaupanger-leiren, som møter Førde i Hafstadparken onsdag kveld.

– Me jobbar med å bli betre på siste tredjedel, der me må vera meir rolege, fokuserte og konsentrerte. Når ein ikkje treff mål, vert det ein stressfaktor. Me veit me kan scora mål, og me veit me er gode, så me må berre senka skuldrane, legg han til.

Ingen krise

Kaupanger kan takka motstandarane sine for at dei framleis har ei luke på to poeng i toppen ned til Haugar og Fyllingsdalen, som begge har avgitt poeng i same perioden.

– Er du overraska over resultata til laget ditt?

– Ja, sjølvsagt. Dette er lag me bør slå, men det er lite me får gjort med det no. Det er ein nedtur med tanke på ambisjonsnivået, men når dei rundt oss tapar, er det ingen krise. 

– Me leiar tabellen og veit me er eit godt lag. Då kan ein ikkje kalla det krise. Ein kan ikkje forventa å vinna alle kampane, men no må me halde hovudet kaldt og byrja å vinna att, held han fram.

Opprykk er målet

Kveldens gjestar ligg sist i 2. divisjon, så i dag er definitivt dagen å starte opp att poengfangsten. Ambisjonen forblir uansett den same – opprykk.

– Det er ingen grunn til å endra på den sjølv om det har blitt tre kampar utan siger.

Til toppen