NØGD: Kaupanger trenar Ørjan Hjellhaug er nøgd etter søndags siger heime mot Florø 2. Foto: Arkiv.
NØGD: Kaupanger trenar Ørjan Hjellhaug er nøgd etter søndags siger heime mot Florø 2. Foto: Arkiv.

Kaupanger vann 4-3 - Han er eit angrep åleine

I søndagens heimekamp mot Florø 2 var Sindre Rørvik involvert i det meste for heimelaget, og får hyllest frå trenaren.

– Han er eit angrep åleine, når han har dagen, og er påskrudd, meiner eg han er heilt der oppe på nivå med spelarar som Truls Hovland, seier Kaupanger trenar Ørjan Hjellhaug, som snakkar om spydspissen Rørvik. 

Angriparen var involvert i alle måla til heimelaget. Til pause leia dei 2-0. Rørvik blei holdt, og fekk straffe. Den putta Kim Andre Stokke i mål. På den andre skåringa gjorde Rørvik det meste åleine då han hadde eit sololøp, der han sjølv satt inn 2-0. 

Etter kvilen tok spissen servitørrolla då han la inn til Stokke, som kunne heada inn sitt andre for dagen, og 3-0 til dei grøne. Florø 2 slo tilbake, med ei redusering, og dermed 3-1. Rørvik var likevel ikkje ferdig for dagen då han nok ein gong serverte ballen framfor mål, der stod Severin Halland, som enkelt kunne putte 4-1. 

Mot slutten av kampen blei det nervøs stemning for heimelaget, som først slapp inn 4-2, og seinare 4-3. Kaupanger holdt likevel unda, og trenar Hjellhaug er godt nøgd med starten på haustsesongen.

– No har me to av to moglege sigrar, og det må me bygga vidare på, so må me klara å ta poeng i frå dei som ligg rundt oss på tabellen, samstundes som me gledar oss til å spele mot dei gode laga, seier trenaren. 

Dermed klatra Kaupanger opp på 17 poeng, etter 13 spelte kampar. Dei skal bryna seg på Bremanger i neste kamp.

Til toppen