
Sogndal: Kaupanger vann lett over Hinna i dagens kamp på Kaupanger stadion. Trenar Øystein Lindesteg Rinde seier til Porten.no at dei gjennomførte greitt og var dominerande gjennom heile kampen.
– Vi fekk fire mål og Hinna fekk eit trøstemål på slutten seier Rinde. No har vi vunne to kampar på rad og det løsnar.
Neste kamp er mot Bryne, og då skal vi ned og hente tre poeng der, seier han.
Det var Tea Berteig som sette det første målet bak Hinnakeeperen etter berre åtte minutt. Tre minutt seinare auka Silje Torvanger til 2-0, og seinare til 3-0 seks minutt før pause.
3-0 til pause
Stillinga vart 3-0 til pause til heimelaget. I 59. minutt sette Kaupanger sin toppscorar Miriam Vilnes Mjåseth inn 4-0. Mjåseth har med det scora 13 mål hittil i år.
I det 67. minutt reduserte Julie Merkesdal til 4-1 for Hinna.
Kaupanger møtte Hinna sist på Wintershallbanen i Stavanger før sommaren. Då vann dei overlegent 0-3. I dag gjorde dei det same.
Snudde lei trend
Etter tre kampar utan seier snudde Kaupanger mot Førde onsdag denne veka. Då hadde damelaget tapt to heimekampar og ein bortekamp. Den første var eit 0-2 tap mot botnlaget Fana. Deretter spelte dei uavgjort mot Sandviken 2, og nytt tap mot Arna Bjørnar 2.
Etter tapet mot Arna-Bjørnar 2 sa Rinde til Porten.no at det var frustrerande å gå på nytt tap, mot eit lag som låg på nest siste plass.
Men onsdag snudde det for Kaupanger, som kom sterkt attende med heile ni mål. Silje Torvanger scora tre av dei.
Slik starta laget
Keeper: (1) Linn-Mari Nilsen
Forsvar: (4) Andrea Hopen, (6) Åshild Hereid Haugen, (14) Jannike Orrestad Andersen, (23) Ingri Ness
Midtbane: (11) Ylinn Tennebø, (24) Karianne Kvam Gurvin, (26) Kristi Fondenes Vangsnes, (32) Tea Berteig
Angrep: (9) Miriam Vilnes Mjåseth, (10) Silje Torvanger
Innbytarar: (12) Aina Kvam, (3) Lone Cirotzki, (5) Henriette Jagedal, (7) Ingrid Lovise Jåstad, (13) Marta Dalaker, (25) Elemine Josefine Ellingsrud Øyra, (29) Siv Reagen Hickman