Sogndal: Det var på ei våt og regntung heimebane Kaupanger møtte Fyllingsdalen til seriefinale. Tross regnet var det fullt på både parkeringa og tribuna.
Stillinga stod 0-0 til pause.
I andre omgang var det Miriam Vilnes Mjåset som sette målet inn bak Fyllingsdalen-keeperen, og med det sende Kaupanger i leiinga.
Klar for kvalifikasjonskamp
Etter å ha blitt seriemeistar skal Kaupanger no spela kvalifikasjonskamp på bortebane mot Hønefoss.
Trenar Øystein Lindesteg Rinde seier til Porten.no at det var spenning heile vegen, og at dei sleit litt med langballene deira:
– Men vi vinn jo!
Det er dette det handlar om, seier ein glad trenar.
No ventar bortekamp mot Hønefoss først, og så er det resultatet der som avgjer kva som skjer vidare, seier han.
Laget starta slik:
Keeper: 1 Linn-Mari Nilsen
Forsvar: 3 Lone Cirotzki, 4 Andrea Hopen, 6 Åshild Hereid Haugen, 14 Jannike Orrestad Andersen, 23 Ingri Ness
Midtbane: 8 Marie Ruud Pettersen, 11 Ylinn Tennebø, 32 Tea Berteig
Angrep: 9 Miriam Vilnes Mjåset, 10 Silje Torvanger
Innbytarar: 21 Anne Marte Lingjerde, 7 Ingrid Lovise Jåstad, 13 Marta Dalaker, 15 Stine Gjerde, 24 Karianne Kvam Gurvin, 25 Elemine Josefine Ellingsund Øyra, 29 Siv Reagen Hickman