NYTT MÅL: Kristian Fardal Opseth scora sitt sjuande mål for sesongen i gult denne helga. 
NYTT MÅL: Kristian Fardal Opseth scora sitt sjuande mål for sesongen i gult denne helga. 

Kaupingen scora igjen, to årdøler starta

Kristian Fardal Opseth held fram suksessen i Bodø/Glimt, medan både Jonas Hestetun og Truls Hovland starta kampane for sine lag i 1. divisjon søndag. Sjå målet Fardal Opsett scora mot Florø og Hovland her!

Florø/Grimstad: Den utlånte sogndalsspelaren - og kaupingen - er framleis delt toppscorar i 1. divisjon etter å ha putta nok ein gong for dei gulkledde frå nord.

Denne gongen kom Fardal Opseth til heimfylket og Florø for å spela mot nyopprykte florøvêringar med nynedrykte bodøvêringar.

STARTA: Tuls Hovland starta sin første kamp for Florø etter overgangen i vinter. Arkivfoto
STARTA: Tuls Hovland starta sin første kamp for Florø etter overgangen i vinter. Arkivfoto

Trass i at det var to divisjona mellom dei to laga i fjor starta Florø best og gjekk opp i 1-0 ved Monir Benmoussa eit lite kvarter uti 2. omgang. Skåret i gleda vart at Benmoussa jubla så hemningslaust for scoringa at han pådrog seg dagens andre gule kort og måtte tidleg i dusjen.

Nytt skår i gleda vart det for Sogn og Fjordane sine nest beste tre minuttar seinare då ein sogning dukka opp på ein retur og utlikna for Bodø/Glimt - dermed har Fardal Opseth sju nettkjenningar på ni kampar og toppar toppscorarlista i 1. divisjon saman med Osseynou Boye på Mjøndalen.

Hestetun og Hovland spelte heile kampar for sine lag

Men dramatikken var ikkje over på Florø stadion - nye fire minuttar og Glimt sin Josè Angel fekk direkte raudt kort. Det stoppa likevel ikkje nordlendingane frå å avgjera bataljen til sin fordel; Trond Olsen fastsette til 2-1 ti minuttar før slutt.

FAST: Jonas Hestetun byrjar å bli fast inventar på Åsane. Arkiv
FAST: Jonas Hestetun byrjar å bli fast inventar på Åsane. Arkiv

TrulsHovland spelte heile kampen på topp for Florø; det same gjorde Jonas Hestetun for sitt Åsane. Bergenslaget sleit med seg eitt poeng frå Grimstad og Jerv etter ei sein utlikning i oppgjeret som enda 1-1.

Bodø/Glimt og Kristian Fardal Opseth ​leier 1. divisjon,Åsane og Jonas Hestetun ligg på sjuande, medan Florø og Truls Hovland innehar 12. plass og har såleis kome rimeleg godt ut etter opprykket, trass i at det har butta noko no med tap i dei tre siste kampane.

Til toppen