OPPMODING: Etter at fylkeskommunen presenterte tal som seier at 170 elevar står utan læreplass til hausten er oppmodinga frå Anne Kauppi i Sogn Opplæringskontor at bedriftene må ta inn fleire. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
OPPMODING: Etter at fylkeskommunen presenterte tal som seier at 170 elevar står utan læreplass til hausten er oppmodinga frå Anne Kauppi i Sogn Opplæringskontor at bedriftene må ta inn fleire. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Kauppi oppmodar bedrifter om å ta inn fleire lærlingar

Det er beskjeden etter det kom fram at 170 ungdomar i fylket står utan læreplass til hausten.

Årdal/Lærdal: Fylkeskommunen etterlyser fleire lærebedrifter i Sogn og Fjordane. Per i dag står 170 ungdomar utan læreplass samstundes som at fylket ropar etter kvalifisert arbeidskraft.

– Me oppmodar alle bedrifter som er godkjende lærebedrifter til å ta inn ein lærling,  eller kanskje ta inn ein eller to ekstra, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim i pressemeldinga.

– Null risiko

Den oppmodinga stiller dagleg leiar ved Sogn Opplæringskontor, Anne Kauppi, seg sjølvsagt bak.

– Lærlingordninga er fantastisk, og du bitt deg til ingenting. Du let eleven fullføra utdanninga, og når han eller ho er ferdig og står med fagbrevet, kan du ta eleven i handa og ønskje lykke til. Det er null risiko, seier ho.

– Og så er det ein nyttig og god erfaring for bedrifter å ha det. Det er god arbeidskraft, og så får dei eit ungdommeleg blikk inn på eigen arbeidsplass.

Fokus frå myndigheitene

Ho forklarar talet på 170 utan læreplass med at bedrifter ofte har tradisjon for å avventa litt før dei tilbyr plass, gjerne etter ferien. Samstundes pressar myndigheitene på for å få dette i hamn så fort som råd.

– Det er vanskeleg å seia kvifor det er slik, men marknaden spelar inn, om me har arbeid eller ikkje. Mange har tradisjon for å ta inn etter ferien. Dei siste åra har det vore fokus frå myndigheitene at elevane skal vita at dei har fått læreplass før ferien.

– Det har vore eit veldig fokus på å teikna kontraktar tidleg innan ein dato i august for å komma godt ut på statistikk som blir presentert på landsbasis, forklarar Kauppi, som ikkje trur det er kritisk nettopp fordi ho veit at mange bedrifter ventar litt med å tilby læreplass.

Framleis ledige plassar

Men som fylkeskommunen poengterer i pressemeldinga er det lite tilfredstillande å gå i uvisse for ungdomen om dei får seg lærekontrakt eller ikkje. 

All statistikk for gjennomføring i vidaregåande opplæring viser at fråfallet er størst i overgangen frå skule til opplæring i bedrift.

For Sogn Opplæringskontor sin del ligg dei godt an. Til no i år har dei 40 kontraktar. I heile 2014 teikna dei 43, fortel Kauppi og viser til heimesida deira der ein kan lese at dei framleis har læreplassar ledig. 

Til toppen