Keeper såg raudt då Årdal tapte

Keeper såg raudt då Årdal tapte

Heller ikkje mot Spjelkavik kom sesongens første siger.

Spjelkavik - Årdal 4-1

Etter dei fem første kampane av årets sesong er det berre Eid som har teke færre poeng enn Årdal, som framleis står med to poeng etter 1-4-tapet for Spjelkavik laurdag. Terje Kvam Øvstetun scora Årdals mål i det 30. minuttet

– Me gjer ein grei 1. omgang der me heng ganske godt med. Me utliknar like etter dei går opp i 1-0, og så kjem 2-1-scoringa deira litt for enkelt. Me produserer omtrent like mange sjansar som dei før pause og byrjar ganske godt i 2. omgang, men så får me keeper utvist, og då handla det mest om å halde unna, seier Ivan Øy til Porten.no.

Sivert Larsson fekk marsjordre då han jaga eit oppspel frå Spjelkavik og felte ein mann. Dommar vurderte det som at Larsson fråtok Spjelkavik ein klar målsjanse, og då fekk han sjå det raude kortet.

Gambling

Med Preben Gilleshammer på jobb og ingen andre reservekeeperar tilgjengeleg, måtte Fredrik Sørli dra på seg hanskane. Ungguten, som vanlegvis er ving, slapp inn to mål, begge frå Gunnar Örvan Stefansson.

– Det er ein gambling å reisa med berre éin keeper, men slik er det.

Skadar i troppen

Øy kan sjå tilbake på ei litt frustrerande veka etter at to av midtbanespelarane hans blei skadd. Først Andreas Hestetun i måndagens kamp mot Sogndal 2 og deretter Johnny Aspeseter Hagen to dagar seinare. Begge slit med det som kan vera stygge kneskader.

Før kampen måtte også Christian Stedje melda avbud på grunn av sjukdom, og då var det eit ungt mannskap som møtte Spjelkavik i dag. 

– Dei spelarane som kjem inn for å erstatta dei frå førre kamp er ikkje dårlegare, men det er klart at det blir veldig urytmisk når dei har så lite speletid saman, forklarar Øy.

– Men eg har eit motto om at eg har det beste laget eg kan stilla med. Eg kan ikkje tenka på dei eg ikkje har med meg. Me vart eit veldig ungt lag i dag, og så reiste me med berre to reservar, og med ti mann på bana blir det tungt for ein del.

Sinton debuterte

Det er ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Skadane gjorde at Joe Sinton fekk sin debut i dag etter at papira offisielt vart ordna tidlegare denne veka. 

– Det gjekk veldig bra. Eg er positivt overraska over kampen han gjer. Han viser at han har eit bra nivå inne, så absolutt. Det blir spennande å sjå framover. Med tanke på at dette var hans første kamp, vil eg seia at han klarte seg veldig bra.

Positiv trass situasjonen

Med tap i dag finn Årdal seg altså nest sist på tabellen med berre Eid bak. Øy innrømmer at han hadde sett føre seg ein litt annan situasjon etter fem spelte kampar.

– Så absolutt. Men biletet hadde vore heilt anna om me hadde vunne mot Stryn, der me skulle ha vunne, og mot Eid, der me heilt klart burde ha vunne. Også gjorde me ein veldig god kamp mot Sogndal 2, spesielt 2. omgang. 

– Men me må tenka at sjølv om det er to poeng, må me bygga vidare og vera positive. Me kan ikkje grava oss ned. Me veit at det bur så mykje meir i desse karane sett i forhold til poengfangsten. Det er litt synd, men no har me Volda heime 16. mai, og då er det ein ny sjanse, seier Øy.

Til toppen