NY PLATE: Me har vurdert den nye plata til Verdsmannen Thorbjørnsen frå Årdal. Foto: arkiv.
NY PLATE: Me har vurdert den nye plata til Verdsmannen Thorbjørnsen frå Årdal. Foto: arkiv. (Foto: Reidun Vinda / Arkiv)

PLATEMELDING

Ketil Thorbjørnsen: Måtte elden i Verdsmannen spreia seg

Du høyrer det frå første tone. Det er hakket meir kvalitet denne gongen.

Platemelding: Fredag 7. desember kjem det tredje albumet i rekka frå Ketil Thorbjørnsen. Du høyrer det med ein gong at her er ingenting overlate til tilfeldigheitene. 

Tekstane ber preg av ein drakamp mellom mange av dei eksistensielle spørsmåla mange stiller seg her i livet. Til sjuande og sist botnar det i usikkerheita me alle sikkert kjenner på ein eller annan gong i livet: Er eg god nok?

Thorbjørnsen er kjend for å vera dønn ærleg i sine tekstar. Medan han på førre plata i større grad kritiserer og rettar blikket utover, tar desse orda i større grad utgangspunkt i han sjølv. Han byr meir på eg sjølv, kjenner på kjenslene om det å vera til – å bli likt.

Ketil Thorbjørnsen har elden inni. No er det berre å venta på at elden skal spreia seg.

Og det er ikkje tvil om at eg likar Ketil Thorbjørnsen. Det er ein mann som har noko å fara med, både tekstleg og musikalsk. Han får til å formidla bodskapen, sjølv om det tidvis kan bli vel svevande. Men personleg tykkjer eg det er artig når ein stadig høyrer nye detaljar, ord, forstår nye moment ved låtar for kvar lytt ein gjev dei.

Tekst med meining eller ei, alle veit at musikk handlar om nettopp musikken. Det er ofte den som drar oss til seg, så blir me betre kjend med tekstane etter kvart.

Som det vert innleia med, høyrer ein raskt at dette er eit hakk opp musikalsk. Eg må ærleg innrømma at eg først tykte det var litt kjedeleg, men dette handlar om mine forventningar. På det førre albumet såg eg mange parallellar til Kaizers, men denne er langt meir nedpå.

Men det gjev Thorbjørnsen oss beskjed om allereie i første song «Hus», som handlar om det å sjå framover. Då skjønnar ein fort at ein har noko anna i vente.

Det er kanskje ikkje så overraskande at min personlege favoritt er ein av dei det svingar meir av, nemleg «Vegen ut». Låten er god, og teksten treff meg. For meg handlar om den kjensla me alle nok har sete med ein gong, om det å vera glad i nokon og håpa at nokon er glad i deg.

COVER: Slik ser den siste utgjevinga til verdsmannen ut. Foto: Pressefoto

At det ligg mykje tanke bak musikken kjem vel best til syne på siste låta. Altså, når du meiner det må ei sag til for å gjera ein song komplett, så veit du at personen som skal samla alle trådane og produsera musikken, veit kva han driv på med. Og det høyrer me.

Ketil Thorbjørnsen har elden inni. No er det berre å venta på at elden skal spreia seg.

Terningkast: 5.

Til toppen