Ketil Torbjørnsen vil syne at det er mogleg å få til plateutgjevingar og halde aktivt på med musikk utan å måtte trekkje til dei store byane. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Ketil Torbjørnsen vil syne at det er mogleg å få til plateutgjevingar og halde aktivt på med musikk utan å måtte trekkje til dei store byane. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Ketil Torbjørnsen med plateutgjeving

Med eitt mål for auga, har Ketil Torbjørnsen og bandet hans lagt ned fleirfaldige timar i øvingslokala til Hugin Musikkforum i laupet av det siste året. 

Ørjan Lindborg.
Ørjan Lindborg.

På fyrstkomande søndag vert dei siste låtane spelt inn i studioet hjå Tom Karlsrud i Lærdal Musikkproduksjon AS. Til sommaren kjem Torbjørnsen si fyrste plate ut, og med seg på laget har han Laila Asperheim, Ørjan Lindborg og Øyvind Aga.

Engelsk knot

– Alt er mykje enklare no når eg syng på nynorsk, seier han. Å lage songar med engelsk språk opplever han som knotete. – Tidlegare har eg sunge på engelsk, andre dialektar eller bokmål. Torbjørnsen har no kome fram til at å vere seg sjølv er det beste.

"Verdsmannen"

Det er ein tydeleg raud tråd som fører lyttaren gjennom albumet. Verdsmannen, som og er tittelen på albumet, er hovudpersonen i alle songane, og undervegs møter han på ulike mennesketypar som Torbjørnsen trur dei fleste kjenner att. – Det er ein fyr som gjer så godt han kan i forskjellige situasjonar, røpar han. Vidare påpeiker han at teksten er viktig og at det gjev ein heilheit til plata.

Øyvind Aga.
Øyvind Aga.

Korkje Torbjørnsen sjølv eller resten av bandet vil definere ein spesifikk sjanger, men kjem fram til at musikken er inspirert av The Doors, Madrugada og Tom Waitz.

Gode rollemodellar

Ketil Torbjørnsen ynskjer å gå framfor som eit godt eksempel i det lokale musikkmiljøet, og vil syne at det er mogleg å lage ei plate sjølv i ei lita bygd.
– Det skal ikkje vere naudsynt å reise til dei store byane for å spele inn musikk i studio.

Laila Asperheim.
Laila Asperheim.

Laila Asperheim er sentral i kulturskulen i Årdal, og vil oppmode ungdomar til å byrje tidleg om dei går med eit ynskje om å halde på med musikk.

Fleire plateinnspelingar

Det er lenge sidan sist ei plate vart gjeven ut i Årdal, men det har Ketil Torbjørnsen tenkt å gjere noko med. – Dei eventuelle inntektene ved sal av plata mi går direkte til finansiering av plate nummer to, smiler han.
I tillegg til Torbjørnsen og bandet hans, er det fleire band i Hugin Musikkforum som går med planar om å utgje plate.

Kva er grunnen til at det er lenge sidan sist det vart gjeve ut ei plate i Årdal?

– Mest truleg fordi dei fleste ser på musikken som ein hobby. Men den siste tida har vi fått fleire aktive musikarar som er tydelege på at dei vil noko meir med musikken sin, påpeikar Torbjørnsen. Som eit eksempel syner han til ungdomsbandet System of Six som har gjort det særs bra i lokalmiljøet. Denne helga deltek dei på Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Førdehuset med den eigenkomponerte låta ”Higher”.

Lokalt turnéliv

Med utgjeving av album må ein og ut på turné. – I september tenkjer vi å ta ein turné i nærområdet, seier Torbjørnsen. Mantraet er tydeleg: ein kan få til mykje sjølv om byen er eit stykke unna. – CD-en kjem til å verte seld gjennom lokale krefter og via kontaktar, samt på Internett, fortel han. 

 

 

Til toppen