DEN STORE KINODAGEN: Desse tre hadde vore å sett Knutsen og Ludvigsen og den fæle Rasputin. Dei likte filmen veldig godt og gjekk nøgde heim. Foto: Kaja Nygård
DEN STORE KINODAGEN: Desse tre hadde vore å sett Knutsen og Ludvigsen og den fæle Rasputin. Dei likte filmen veldig godt og gjekk nøgde heim. Foto: Kaja Nygård

Kino heile dagen

I dag er det den store kinodagen. Dette er ein landsomfattande dag, der dei fleste kinoane i Noreg er med. 

Årdal: Kinoane vel sjølve korleis filmar dei vil ha med på denne dagen. Årdal kino valte å vise Bien Maja på Eventyr, Snoopy og Charlie Brown: Knøttene – Filmen, Knutsen og Ludvigsen og den fæle Rasputin, Julekongen- Full rustning og The Martian.

To av desse filmane var førpremiere, medan dei andre blei satt opp etter ønskje frå publikum. Det var ein god stemning når underteikna var innom. Ved inngangsdøra brann det faklar, og inne dufta det av popkorn. Alt låg til rette for ein fin dag for dei besøkande.

Populær dag

Gunnvor Haug Moen ved Årdal Kino fortel at dette er ein veldig populær dag. I tillegg til film, er det kafé i kantina og teiknkrok til borna. Ho ønskjer at folk skal bruke kinoen til meir enn å sjå film, det skal vere ein kosedag.

- Eg er veldig nøgd med kinosalen me har i Årdal, og eg har vore i mange kinosalar, ler Gunnvor.

Ho fekk god hjelp av Synne Haug og Øyvind Valsvik frå ungdomsrådet. Øyvind fortel ivrig at det har vore mange besøkande i dag, spesielt på Knutsen og Ludvigsen filmen.

Artikkelen held fram under biletet. 

NØGDE: Gunnvor Haug Moen, Synne Haug og Øyvind Valsvik er nøgde med dagen, og legg til at i dag er både film og popkorn halv pris.
NØGDE: Gunnvor Haug Moen, Synne Haug og Øyvind Valsvik er nøgde med dagen, og legg til at i dag er både film og popkorn halv pris.

Blide born

Etter framsyninga av Knutsen og Ludvigsen, kom blide born og vaksne ut av kinosalen. Det såg ut som dei hadde hatt ei kjekk oppleving.

Linnea Nykvist Torgeirsson, Marius T. Fredsvik og Olai T. Fredsvik var veldig fornøgde med filmen. Dei var samstemte om at filmen var veldig gøy og morosam.

- Eg likte filmen veldig godt, men musikken var litt trist, seier Marius. 

 

Siste filmen i kveld er The Martian, så det er endå tid til å få med seg den store kinodagen. 

 

Til toppen