KINO I SNØEN: Er du glad i både snø og film, kan du kombinere desse to tinga i helga på Snøfilmfestivalen på Tyin-Filefjell. Pressefoto: Tyin-Filefjell.
KINO I SNØEN: Er du glad i både snø og film, kan du kombinere desse to tinga i helga på Snøfilmfestivalen på Tyin-Filefjell. Pressefoto: Tyin-Filefjell.

Kino i vinterlege omgjevnader

For fjerde gong går Snøfilmfestivalen av stabelen på Tyin-Filefjell. 

Tyin/Filefjell: I helga kan ein nyte toppfilmar ute i frisk luft når Tyin-Filefjell inviterer til Snøfilmfestival. Også i år har arrangøren klart å huke tak i ei førpremiere.

– Det er artig at me nok ein gong har huka i land ei førpremiere til Snøfilm. «Alvin og Gjengen: I farta» har ikkje kino-premiere før 19. februar, så du lyt rett og slett til snøfilm for å sjå den først, fortel Magne Grihamar i Tyin-Filefjell utvikling.

Film i passande omgjevnader

I tillegg skal dei vise Oscar-nominerte «The Revenant», som nesten blir som ei 4D-oppleving sidan mange av scenene i filmen foregår nettopp i snøen.

– ­ «The Revenant» er ein storfilm som no nyleg er nominert til tolv Oscar. Dette er ein film frå villmarka i Canada. Eg er overbevist om at stemninga frå filmen vert forsterka ytterligare ved å sitja ute snøen, seier Grihamar. 

Artikkelen held fram under biletet.

AKTIVITET: Det er ikkje berre film som står på planen. I løpet av helga kan ein også delta på ulike aktivitetar. Presse
AKTIVITET: Det er ikkje berre film som står på planen. I løpet av helga kan ein også delta på ulike aktivitetar. Presse

Allereie fredag startar programmet med «Snoopy og Charlie Brown - Knøttene», men det er ikkje berre film som er i fokus denne helga. Snøfilmfestivalen er også ein aktivitetsfestival.

Aktivitetsfestival

Laurdag og søndag skal det vere kitekurs og toppturopplegg. 

– Laurdag og sundag testar me det nye opplegget «Haute route Smedalen» for den som vil kombinere toppturopplevingar med filmfestival, fotel Grihamar vidare. 

Smedalen­området ligg på vestsida av Filefjell og byr på høve for fleire gode nedkøyringar på ein og same toppturdag. Det er også kitekurs på programmet gjennom heile helga.

Etter filmane, både fredag og laurdag, blir det DJ og nachspiel i Varmestøga rett ved utendørs kinoen på Filefjell. Og ønsker du å stå ekstra på ski, går Børrenøsheisen non­stop heilt til ut på kvelden fredag og laurdag. 

Til toppen