NUMMER 14: Eirik Kinserdal (17) frå Årdal blei nummer 14 samanlagt i helgas Roseritt i Horten. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NUMMER 14: Eirik Kinserdal (17) frå Årdal blei nummer 14 samanlagt i helgas Roseritt i Horten. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Kinserdal blei nummer 14 i Roserittet

Eirik Kinserdal (17) tok ein finfin 14. plass samanlagt i Roserittet.

Sykkeltalentet frå Årdal sykla i helga sesongens nest siste ritt i Horten. Rittet gjekk over tre dagar og tre etappar.

På fredagens tempoetappe blei Kinserdal nummer 47, men på fellesstartane køyrte han seg kraftig opp. Laurdag sykla inn til ein 9. plass, medan søndag kom han i mål som nummer 19.

Det gav altså ein 14. plass samanlagt i sesongens nest siste ritt for hans del. Komande helg avsluttar han sesongen med Norgescupen i Bergen.

Til toppen