FINFIN PLASSERING: Eirik Kinserdal (16) frå Årdal deltok i NM i landeveg på Lillehammer i helga og sykla i mål som nummer 24. Foto: Privat.
FINFIN PLASSERING: Eirik Kinserdal (16) frå Årdal deltok i NM i landeveg på Lillehammer i helga og sykla i mål som nummer 24. Foto: Privat.

Kinserdal blei nummer 24 i NM

16-åringen er nøgd med plasseringa i sitt første NM-ritt.

Eirik Kinserdal frå Årdal tok i helga ein meget bra 24. plass då han sykla NM i landeveg for første gong.

Rittet gjekk av stabelen på Lillehammer og hadde 118 startande, men berre 47 av desse klarte å fullføra rittet.

16-åringen seier til Porten.no han syntest løpet gjekk bra for sin eigen del. 

LES OGSÅ: – Eg må bli tøffare

– Med tanke på kor mange som starta, så er det bra. Men hadde det vore finish på toppen av bakken, hadde eg nok hatt ei betre plassering, seier Kinserdal, som reknar seg sjølv som ein klatrar.

Det er først i år at årdølen verkeleg har byrja å konkurrera. Førre helg blei han nummer 38 i det tredje rittet i Norgescupen på Eidsvoll.

– Å sykla NM var som å sykla i alle andre ritt med mykje støting.

LES OGSÅ: Eirik (16) trenar 15 timar i veka på sykkel

Då Porten.no snakka med Kinserdal før helgas ritt, fortalte han at det han måtte jobba mest med var å bli tøffare.

– Eg lærer litt og litt for kvart ritt. Ein kan ikkje bli tøff over natta, seier han.

Medan dei fleste andre har skuleferie, durar 16-åringen vidare på sykkelen allereie til helga. Då skal årdølen få bryne seg på Trollstigerittet i Åndalsnes.

Til toppen