TEMPOSYKKEL: Eirik Kinserdal har kjøpt seg tempsykkel for midlane frå Årdalsnett. Foto: Eirik Kinserdal
TEMPOSYKKEL: Eirik Kinserdal har kjøpt seg tempsykkel for midlane frå Årdalsnett. Foto: Eirik Kinserdal

Kinserdal går framtida i møte med ny temposykkel

I helga deltok Eirik Kinserdal i to sykkelritt. 

Årdal: Sykkeltalentet frå Årdal har i helga deltatt på gateritt og Noregscup. Sykkelritta føregjekk på Hamar og Stange.

- Det gjekk ikkje bra med gaterittet, fordi eg rett og slett er for pysete og ikkje har nok guts. Det same skjedde under Noregscupen. Eg hamna altfor langt bak i feltet og eg følte meg ikkje komfortabel med grusen, seier Kinserdal skuffa.

Det blei DNF på begge sykkelritta.

Kjøpt seg temposykkel

Kinserdal fortel at han har fått midlar frå Årdalsnett og at han har brukt dei til å kjøpe seg temposykkel.

- Eg køyrer forhåpentlegvis inn gode resultat med denne temposykkelen.

- Eg er veldig takknemleg for midlane er har fått og har trua på at det kjem godt med, avsluttar han.  

Til toppen