MEIR Å GÅ PÅ: Eirik Kinserdal (17) er nøgd med sin første sesong som junior, men føler han har meir å gå på og er motivert for ein vinter med mykje trening. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MEIR Å GÅ PÅ: Eirik Kinserdal (17) er nøgd med sin første sesong som junior, men føler han har meir å gå på og er motivert for ein vinter med mykje trening. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Kinserdal nøgd med sin første sesong som junior

Den unge sykkeltalentet har lagt ein meir enn godkjend sesong bak seg.

Årdal: Det unge sykkeltalentet sykla sitt siste ritt for sesongen førre helg, då han blei nummer 15 i Norgescup-rittet i Bergen. Det er ei plassering å vera stolt over.

– Det gjekk bra. Det var ei hard løype, noko eg likar. Eg kunne sikkert ha vore plassert litt lenger opp, men i nedoverbakkane datt eg frå. Dei rann i frå meg, og så var eg litt pysete på det våte underlaget, seier han til Porten.no.

Ein 15. plass er uansett ein svært god prestasjon, og i dei fleste ritt denne sesongen er det nettopp i dette området på resultatlista ungguten frå Årdal har havna.

– Eg synest sesongen har vore prestasjonsmessig. Det er berre to ritt eg ikkje har fullført. Eg har trent bra, og ting har kome seg litt, men det er framleis ein del å gå på, seier Kinserdal, som var første års junior i år. 

Ny treningskvardag

No har 17-åringen flytta på hybel i Sogndal, og det har vore med på å endra treningskvardagen. 

– No har eg fleire å trena med, men sykkelmiljøet er ikkje så mykje større. Det er betre enn i Årdal, og det er kjekt å nokon å snakka med på dei rolige turane. 

Les også: Eirik trenar 15 timar i veka på sykkel

Etter å ha vore sjuk ei vekes tid, er det no litt ferie før organisert trening startar opp att i oktober. Tidlegare fortalte han til Porten.no at vinterstid trenar han opp mot 20 timar i veka.

Motivert for trening i vinter

Det er han motivert for å gjera i vinter også.

– Eg håpar å få litt høgare plasseringar til neste år med ein god vinter med trening. Det er mykje å jobba med. Eg har framleis mykje å gå på fysisk. Det tar lang tid å utvikla seg, og ein kan ikkje forventa for mykje no. Eg håpar på topplassering til neste år, fortel han.

Les også: Eirik frå Årdal fekk treffe Hushovd

Ifølgje han sjølv er det arbeidet i vinter som avgjer kor godt han presterer neste år, men held han fram utviklinga, er det grunn til å tru at han skriv seg endå høgare opp på resultatlista. 

Til toppen