NETTVERK: Landbruksnettverket til Høgre på Stortinget: Guro Angell Gimse (Trøndelag),  Frida Melvær (Vestland), Margunn Ebbesen(Nordland), Torill Eidsheim (Vestland), Ingunn Foss (Agder), Margret Hagerup (Rogaland), Elin Rodum Agdestein (Trøndelag), Bente Stein Mathisen (Viken), Marianne Synnes Emblemsvåg (Møre- og Romsdal), Anne Kristine Linnestad (Viken), Liv Kari Eskeland (Vestland), Solveig Sundbø Abrahamsen (Vestfold og Telemark) , Kristin Ørmen Johnsen (Viken) , Ingjerd Schou (Viken), Aase Simonsen (Rogaland), Lene Westgård Halle (Vestfold og Telemark)
NETTVERK: Landbruksnettverket til Høgre på Stortinget: Guro Angell Gimse (Trøndelag), Frida Melvær (Vestland), Margunn Ebbesen(Nordland), Torill Eidsheim (Vestland), Ingunn Foss (Agder), Margret Hagerup (Rogaland), Elin Rodum Agdestein (Trøndelag), Bente Stein Mathisen (Viken), Marianne Synnes Emblemsvåg (Møre- og Romsdal), Anne Kristine Linnestad (Viken), Liv Kari Eskeland (Vestland), Solveig Sundbø Abrahamsen (Vestfold og Telemark) , Kristin Ørmen Johnsen (Viken) , Ingjerd Schou (Viken), Aase Simonsen (Rogaland), Lene Westgård Halle (Vestfold og Telemark) (Foto: Høgre)

MEININGAR

Kjære bonde!

– Vi har gong etter gong late oss imponere over evna til å tenkje nytt, oppfinnsomheit og ståpå vilje som vi møter hjå bøndene. Også i Corona-krisa som vi no er i; de står på dag og natt for å skaffe mat til innbyggjarane, skriv Frida Melvær (H) i innlegget på vegner av landbruksnettverket til Høgre.

Meiningar: Vi er 17 stortingsrepresentantar frå Høgre som har samla oss i eit nettverk på Løvebakken fordi vi har eit bankande hjarte for landbruket. Vi har dei siste åra besøkt mange gardsbruk og har møte med bønder og næringsmiddelaktørar kvar veke. Vi har gong etter gong late oss imponere over evna til å tenkje nytt, oppfinnsomheit og ståpå vilje som vi møter hjå bøndene. Også i Corona-krisa som vi no er i; de står på dag og natt for å skaffe mat til innbyggjarane.

Vi får tilbakemeldingar om auka produksjon; kjøttskjæremaskinar går som aldri før, mjølk og mjølkeprodukt blir fylt inn i butikkhyller, produksjonen av mjøl er dobla og leveranse av egg har nådd nye høgder. Bak dette står den norske bonden som set vår lit til.

Alle delar av matkjede må fungere

Våronna er rett rundt hjørnet og førebuingar for såing og planting er fleire stader i gong. Nokon er usikre på kva dei skal gjere, men vi har tiltru til at den norske bonden gjer som planlagt. For å kunne halde oppe matforsyninga i krisetider må alle delar av matkjeda fungere. Vi er avhengig av handel med råvarer og innsatsfaktorar, transport og logistikk og dessutan produksjon og foredling for å kunne forsyne innbyggjarane. Dette krev god planlegging og sikker gjennomføring.

Arbeidskraftsituasjonen i den arbeidsintensive delen av landbruket er i ferd med å løyse seg. Det har krevd og krev litt ekstra innsats frå både bonden, styresmaktene og landbruksorganisasjonane.

Regjeringa har no lagt til rette for at utanlandsk arbeidskraft som er i landet kan få forlenga arbeidsløyve samt at EØS borgarar som kan dokumentere at dei skal jobbe i landbruket får løyve til innreise. 

La permitterte arbeidstakarar få ein sjanse

Vi ser det kan vere utfordrande å ta inn arbeidskraft som no blir ledig på grunn av permisjonar, men vi tillèt oss å be om at desse arbeidstakarane får ein sjanse. NAV har no over 300 000 arbeidsledige i stallen sin. I tillegg er det fleire som går på andre ytingar hjå NAV som både kan og vil jobbe. Dette kan bli ein lojal, god og arbeidsam arbeidskraft i landbruket dersom dei får høve til å vise kva dei er gode for. Vi har fått tilbakemeldingar frå bønder som seier at dei for første gang på 20 år har fått jobbsøknadar frå nordmenn. Regjeringa jobbar no med insitamentet for å få permitterte nordmenn til å melde seg og gjere ein jobb i landbruket.

Vi veit at det må opplæring til for å setje arbeidskrafta i drift. Vi vonar det er mogleg å få ein opplæringsdugnad der styresmakter, Norsk landbruksrådgiving og landbruksorganisasjonar bidreg. Fylkeskommunane har, som del av første Corona-krisepakke, vorte styrkt med pengar til bedriftsintern opplæring, og står klare for bidra inn i landbruket.

Situasjonen vi er i vil krevje meir av oss alle. Til liks med helsearbeidarane er samfunnet avhengig av at landbruket og heile matkjeda fungerer i krisetider. Mange opplever at dette er vanskeleg, men oppfordringa vår er at de framleis tar vare på kvarandre, brukar tilgjengeleg rådgjeving, snakkar med fagorganisasjonane og held fram med å komme med innspel til oss folkevalde.

Tusen takk for at du står på. Vi heiar på deg og det norske landbruket.

Til toppen