LYTTE: Tom Knudsen, regiondirektør i  NHO Vestlandet, meiner politikarane må halde vallovnader og bli flinkare å lytte til verksemder i kommunane framover.
LYTTE: Tom Knudsen, regiondirektør i NHO Vestlandet, meiner politikarane må halde vallovnader og bli flinkare å lytte til verksemder i kommunane framover. (Foto: Moment studio)

MEININGAR

Kjære folkevalde – det er no jobben byrjar

NHO Vestlandet ser med bekymring på kor lite av valkampen som har handla om jobbskaping og bedriftene sine vilkår. Det vitnar om manglande forståing for korleis verdiar skapast, skriv Tom Knudsen, regiondirektør i NHO Vestlandet

Meiningar: Måndag blei det valt inn 1204 nye folkevalde i Vestland sine kommunestyre og fylkesting. Den viktigaste oppgåva til våre folkevalde er å prioritere korleis kommunane og fylket sine inntekter skal skapast og fordelast.

Når me no går inn i ein ny valperiode, er det difor naturleg å reflektere over korleis inntektene til kommunekassene blir skapte. Inntektene har mange ulike vegar ut av kommunekassa, men mesteparten av pengane som kjem inn, er et resultat av bedriftene si verdiskaping, både direkte og indirekte. Og alle bedriftene har ein ting til felles: dei held til i ein kommune.

Me ser med bekymring på kor lite av valkampen som har handla om jobbskaping og bedriftene sine vilkår. Mykje av debatten har derimot handla om at det er eit problem at bedriftene tener pengar på dei tenestene dei tilbyr. Det vitnar om manglande forståing for korleis verdiar skapast: for ei bedrift utan overskot har ingen framtid og skapar heller ingen nye arbeidsplassar.

– Lytt til bedriftene

Verdiskaping kjem ikkje av seg sjølv, det kjem også med ein kostnad. Nokon må tørre å satse kapital og fleirfaldige arbeidstimar. Då må kommunane legge til rette for og lytte til bedriftene sine behov. Dei må gjere det enkelt for bedriftene å etablere seg og sikre at dei får tak i den kompetansen som trengs for å utvikle seg og vekse. For eksempel må me utdanne fleire yrkesfaglærte i tida som kjem. I tillegg må infrastrukturen utformast slik at bedriftene skal kunne skape arbeidsplassar til kommunane sine innbyggarar. Det må vere mogleg å drive bedrift også i distriktet. Dessutan er det viktig at rammevilkåra for bedriftene er føreseielege.

I valkampen har me i NHO Vestlandet reist rundt i heile det nye fylket og lært mykje om bedriftene sine behov. Med oss på reisa har me hatt over 100 politikarar frå alle politiske parti. Me er ikkje i tvil om at viljen blant politikare, og også kommune- og fylkesadministrasjon, er til stades. Samstundes høyrer me likevel stadig om mange små og store hindringar som bedriftene møter på vegen mot suksess eller fiasko. Mange av hindringane er enkle å løyse om berre forståinga for bedriftene sine behov blir løfta fram. Me vil difor oppmode dei kommande politikarane i alle våre 43 kommunar til å invitere seg sjølv ut til dei lokale bedriftene. Berre med god dialog og forståing kan me løyse framtida sine utfordringar.

Fleire lovnader

I valkampen har NHO Vestlandet utfordra ei rekka av ordførarkandidatane til å signere eit løfte om å legge til rette for næringslivet i sin kommune om dei blir vald. Fleire titalskandidatar har lova følgande:

1. Sørge for god tilgang på næringsareal med eigne infrastruktur- og transportløysingar

2. Samarbeide med bedrifter for å tilby gode tenester til innbyggarane

3. Sørge for eit konkurransedyktig nivå på kommunale avgifter for bedrifter

4. Bruke kommunen si innkjøpsmakt for komme arbeidslivskriminalitet til livs

5. Sette eit ambisiøst måltal for grøne innovative anskaffingar

6. Sørge for at kravet om lærlingar følgjast opp i kommunen sine anskaffingar

Desse punkta kan løyse mykje, men langt ifrå alt. Det finns ikkje ei enkel oppskrift for at bedriftene skal kunne lukkast. Eg håpar diskusjonane i Vestland sitt fylkesting og sine 43 nye kommunestyre dei neste fire åra vil handle om korleis bedriftene på Vestlandet skal kunne bidra. Inviter bedriftene til samarbeid for å utvikle nye løysningar og innovasjon. For hugs: det er bedriftene som gir liv til by og bygd.

Til toppen