PENGEGALOPP: Trude Klingenberg (Sp) meiner godt betalte leiarar i Helse Førde bør vurdera å be om redusert løn for å sikra lokalsjukehusa.
meiningar
PENGEGALOPP: Trude Klingenberg (Sp) meiner godt betalte leiarar i Helse Førde bør vurdera å be om redusert løn for å sikra lokalsjukehusa. (Foto: Arkiv)
meiningar

Kjære leiinga i Helse Førde – Ta på dykk Robin Hood kappene

– No er det nok! Eg er lei av at de tek bit for bit av lokalsjukehusa våre, skriv Trude Klingenberg i Årdal Sp, som ikkje er imponert over leiarlønningane i Helse Førde.

Meiningar: Eg trivst så godt i Sogn og Fjordane. Me er heldige som har to lokalsjukehus og eit sentralsjukehus i fylket vårt. Å ha eit sjukehus nær deg betyr så mykje når du treng hjelp. Om lokalsjukehuset har kompetanse til å ta i mot deg då, sjølvsagt!

For om lokalsjukehuset ikkje har kompetanse, så er det store geografiske avstandar i fylket vårt. Ja, for ein årdøl blir det faktisk ei dagsreise til Førde. Heldigvis for meg er eg framleis ung og sprek, men for dei eldre blir det som å tvinga dei til å springa maraton. For ei slik reise tek faktisk på!

Men kjære leiing i Helse Førde. No er det nok! Eg er lei av at de tek bit for bit av lokalsjukehusa våre. Tenestetilbodet vårt! Eg er lei av at tenestetilboda våre alltid skal verta trua når det er snakk om innsparingar. Eg er ingen økonom, og har ikkje kompetanse til å styra eit slikt føretak, for at det er krevjande, det skjønnar eg. Men korleis de forvaltar og prioritetar pengane i helseføretaket vårt er eg per dags dato ikkje imponert over.

For velkommen direktør, Arve Varden. Eg er vel ikkje den einaste som har lagt merke til den høge løna di. På bygda er dette faktisk blitt ein «snakkis», og spørsmålet som blir stilt er «kva er det neste som ryk?». Det verste eit menneskje kan bli utsett for, er uvissa for framtida. Men, Arve, denne skal ikkje du få på di kappe. Men eg lurer på kven som står ansvarleg for å gi den nye direktøren i Helse Førde ei løn på 1,65 millionar kroner? Og kva med løna til resten av leiinga? Sjølv om ein ikkje kan påverka løna til folk, synst eg verkeleg desse skal gå i seg sjølv i desse økonomiske tider. De skal vera rollemodellar. Tenestetilbodet til fylket ligg i dykkar hender, det gjer også skjebnen til dei tilsette.

Agnes Landstad sa følgjande til NRK Sogn og Fjordane i fjor haust: «Vi må sjå kva som er viktig for tenestene til befolkninga, slik at tenestene blir av god kvalitet til heile fylket vårt». God kvalitet til heile fylket. Tenester nær folk. Ta på dykk Robin Hood kappene, slik at det ikkje går utover tenestene til oss som treng lokalsjukehusa våre. Om de ikkje har, så skal eg gladeleg ta på meg oppdrag som syerske.

Ta vare på lokalsjukehusa våre!

Til toppen